Kirurgisk kontortjeneste ved Ålesund Sjukehus søkjer ein engasjert helsesekretær/sekretær i midlertidig 100% stilling for 1 år.
Arbeidet vil i hovudsak bestå av å administrere inntak for ortopedisk poliklinikk, men det er og pårekna delvis ekspedisjonsarbeid for kirurgisk poliklinikk. Vi samarbeidar tett med dei andre kirurgiske faga for å ha ein god flyt i arbeidskvardagen, der vi har høg fagleg kvalitet og pasientsikkerheit i fokus.
Vi ser etter deg som trivst i eit aktivt miljø, tek ansvar og ønskjer å bidra til gode pasientopplevingar og til eit positivt arbeidsmiljø.
Intern omrokkering kan gje andre ledige stillingar.
Arbeidsoppgåver
- Elektronisk pasientadministrativt arbeid som omfattar tilvising og ventelistearbeid, post- og oppgåvemeldingsarbeid, dokumentbehandling.
- Planleggje timar ved ortopedisk poliklinikk, pasientretta arbeidsoppgåver i ekspedisjonar, og yte god pasientservice via telefon.
- Tett samarbeid med andre faggrupper som omfattar stor grad av kommunikasjon.
- Ta del i forbetringsarbeidet i seksjonen ved å oppretthalde rapportar og melde eventuelle fristbrot.
- Anna praktisk og førefallande arbeid som kan dukke opp ved behov.
Kvalifikasjonar
- Har svært gode norskkunnskapar, både munnleg og skritleg, og er komfortabel med å føre ein samtale på engelsk ved behov.
- Autorisasjon som helsesekretær er ein fordel, men relevant erfaring som sekretær frå ortopedisk fagområde vil bli vektlagt.
- Gode IT-kunnskapar.
- Det er ønskeleg med god kjennskap til Helseplattformen frå før av.
Personlege eigenskapar
- Positiv og ein god relasjonsbyggjar som er lett å samarbeide med.
- Du må vere omstillingsdyktig, då det kan skje endringar på kort tid.
- Fleksibel, løysningsorientert og har stor arbeidskapasitet.
- Du er god på å samarbeide på tvers av yrkesgrupper og evnar å sjå eit heilheitleg bilete av ein situasjon.
- Å vere personleg eigna vil bli vektlagt i vurderinga.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Ta gjerne kontakt for meir informasjon.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Kontaktinformasjon
Sarah Malen Hagerup, Konst. seksjonsleiar,
[email protected]
Arbeidsstad
Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5149767781
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 03.08.2026
Sluttdato: 06.08.2027
Søknadsfrist: 16.07.2026