Vil du vere med og bidra til god økonomistyring i Lærdal kommune?

Arbetsbeskrivning

I Lærdal bur det berre rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Gjennom året byr me på store marknader, musikkfestival, matfestival, gytefestival (den må du nesten berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest – og mykje meir.

Me er omkransa av majestetiske fjell og har eit rikt utval av fantastiske turmoglegheiter, både til fots og på ski. Her finn du også ei mengd fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Sentrum er koseleg og sjarmerande, med gamle trehus som strekkjer seg heilt ned til fjorden. I den grøderike dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikeleg monn.

Kommunen vår ligg faktisk svært sentralt til: Det tek om lag tre timar å køyra til Bergen og fire timar til Oslo. I tillegg ligg både «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og ja – me har eige lokalsjukehus.

 

Me søkjer ny økonomikonsulent i fast stilling til avdelinga for økonomi, HR og IKT. Avdelinga leverer støttefunksjonar til heile organisasjonen og samarbeider tett med kommunen sine fire kommunalområde. Hos oss får du ein variert arbeidskvardag med faglege utfordringar og moglegheit til å påverke utviklinga av kommunen sine tenester.

Ønskja kompetanse: 

  • Høgare utdanning på bachelornivå innan økonomi/administrasjon er ønskjeleg 
  • Erfaring med digitale økonomiverktøy og system 
  • Erfaring innan økonomi og lønsarbeid, gjerne frå offentleg sektor 
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og resultatorientert 

Relevant praksis kan kompensera for manglande formell utdanning. 

Arbeidsoppgåver: 

  • Ansvar for kommunale avgifter
  • Oppgåver knytt til fakturamottak 
  • Fakturering og innkreving 
  • Bokføring, avstemming og kontroll
  • Oppgåver knytt til fagområdet økonomi, rekneskap og løn 
  • Andre oppgåver kan tilkoma etter avtale med leiar 

Me tilbyr:

  • Løn etter hovudtariffavtalen i KS. Stillinga er løna etter garantilønstabellen for tilsette med utdanning på inntil bachelornivå, med omsyn til kompetanse og erfaring.
  • Gode pensjonsordningar gjennom medlemskap i KLP.
  • Gode personforsikringar som ein del av tilsettingsforholdet.
  • Eit godt og inkluderande fagmiljø med dyktige, kjekke og engasjerte kollegaer.
  • Moglegheit for heimekontor inntil ein dag i veka
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving.

Det kan nemast at Lærdal kommune mellom anna har:

  • Full barnehagedekning
  • Gratis fulltids-SFO for 1. -og 2.klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klasse
  • Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum
  • Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda

Les meir om Lærdal ved å klikka på denne lenkja

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at dei tilsette hjå oss skal spegla samansetjinga i resten av befolkninga. Me oppmodar alle kvalifiserte søkjarar til å søkja stilling hjå oss, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter at søknadsfristen har gått ut, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste. Lista inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel, samt bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn i opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan likevel verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om å ikkje stå oppført på søkjarlista. Dersom anmodninga ikkje vert teken til følgje, vil søkjaren verta varsla om dette.


Link til søknadsskjema: Søk her