Miljøterapeut - 58,28% og 56,28% stilling - Fast

Arbetsbeskrivning

Vil du ha ein fagleg spennande jobb med ansvar og påverknad? Vi søker deg!
Vi søker etter to fagleg trygge og engasjerte vernepleiarar/sjukepleiarar/miljøterapeutar i ca. 60 % faste stillingar til vår heldøgns bemanna bustad på Skodje.
Det er gode moglegheiter for å auke til 100 % stilling over tid.
Stillingane inngår i årsturnus med arbeid kvar 4. helg i 2026, med moglegheit for å kome med ønskje til turnus for 2027.
Du vil få primæransvar for tenestemottakarar med samansette og omfattande behov. Dette er stillingar for deg som ønskjer ansvar, sjølvstende og høg grad av fagleg påverknad i kvardagen.
Hos oss jobbar du tett på menneske – og gjer ein reell forskjell.

Botenesta Nordre avdeling Skodje 2 gir tilrettelagde tenester til personar med nedsett funksjonsevne. Vi arbeider målretta for å skape ein kvardag prega av meistring, utvikling og livskvalitet i eit trygt og inkluderande fellesskap.
Fleire av våre tenestemottakarar har vedtak etter helse- og omsorgstenestelova kapittel 9, noko som krev høg fagleg kompetanse, etisk refleksjon og trygge fagpersonar.


Arbeidsoppgåver

  • Sikre at brukar får nødvendig helsehjelp og tenester av god kvalitet i tråd med gjeldande lover, avtalar og retningslinjer.
  • Ha primæransvar for oppfølging av tenestemottakarar, inkludert planlegging, koordinering og evaluering av tiltak.
  • Utføre observasjon, kartlegging, iverksetting av tiltak og dokumentasjon i pasientjournal (Helseplattformen).
  • Legemiddelhåndtering.
  • Støtte brukar i kvardagsmeistring og bidra til auka livskvalitet.
  • Bruke naudsynte hjelpemiddel og/eller kommunikasjonsverktøy.
  • Utarbeide, oppdatere og følge opp tiltak og planar i tråd med vedtak og endra behov.
  • Samarbeide tverrfagleg med koordinerings- og tildelingskontor, lege, fysio- og ergoterapeut, samt anna helsepersonell og pårørande.
  • Bidra til fagleg utvikling, engasjement og kontinuerleg oppdatering på arbeidsplassen.

Kvalifikasjonar

  • 3-årig høyskoleutdanning innen helse, sosial eller pedagogiske fag.
  • Relevant erfaring er ein fordel
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne. Krav om norsk språkferdigheit tilsvarande B2 munnleg og skriftleg (Europarådet sin nivåskala - CEFR)
  • Beherske IKT-verktøy
  • Ved tilsetjing krevst politiattest, MRSA- og TBC-eigenerklæringar
  • Kunnskap om helse og omsorgstenestelova kapittel 9 er ein fordel
  • Aktuelle kandidater må ha norsk personnummer eller gyldig D-nummer og formidle dette til arbeidsgiver i god tid før oppstart i jobben.
  • Det forutsettes at den som skal ansettes kan bekrefte sikker identitet i form av gyldig pass (internasjonalt) eller nasjonalt ID-kort (EU/EØS).
  • Det kreves også at personlig bankid eller idporten kan benyttes som alternativ innlogging mot ulike digitale løsninger ved behov (Helseplattformen, OTTO-app mm)
  • Du må ha førarkort kl. B

Personlege eigenskapar

  • Trygg, tydeleg og engasjert, med fokus på beboeren
  • Løysingsorientert, fleksibel og glad i nye utfordringar
  • Sjølvstendig og samarbeidsorientert
  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Nytenkande og endringsvillig
  • Personlege eigenskaper blir vektlagt

Vi tilbyr

  • Ein interessant arbeidskvardag med varierte og utfordrande oppgåver i eit godt arbeidsmiljø
  • Høg grad av fagleg ansvar og påverknad.
  • Fagleg påfyll og moglegheit for vidareutdanning etter virksomhetens behov
  • Årsturnus som gir føreseielegheit.
  • Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande tariff
  • Pensjonsordning i henhold til tariff
  • Bedriftshelsetjeneste
  • IA bedrift
  • Gratis parkering

Kontaktinformasjon

ida Larsen, Avdelingsleder, 948 78 673, [email protected]
Eirik Frøystad, Verksemdsleiar, 416 25 242, [email protected]

Arbeidsstad

Niusvegen 24
6260 Skodje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ålesund kommune

Referansenr.: 5151272813
Stillingsprosent: 58,28, 56,28%
Fast
Søknadsfrist: 02.08.2026