Bjorøy skule er ein barneskule med om lag 110 elevar frå 1.–7. trinn og kring 18 tilsette. Elevane kjem hovudsakleg frå Bjorøy og Tyssøy. Som ein liten skule har vi eit nært og trygt fellesskap der alle elevar blir sett, og der samarbeid mellom skule og heim står sentralt.
Visjonen vår er å skape «utforskande, kreative og trygge barn i eit stimulerande læringsmiljø». Bjorøy skule er kjend for eit godt læringsmiljø både i skule og SFO, og vi arbeider målretta for å utvikle trygge, modige og rause elevar. Vi har særleg fokus på lesing og på å gi elevane gode meistringsopplevingar gjennom ein variert og praktisk skulekvardag.
Skulen har SFO for elevar på 1.–4. trinn, inkludert eit eige tilbod i skuleferiane. Bjorøy skule ligg naturskjønt til på Bjorøy, om lag 20 minutt frå kommunesenteret på Straume og med tilsvarande reisetid til Bergen sentrum.
Målforma ved skulen er bokmål, medan administrasjonsspråket i Øygarden kommune er nynorsk.
Vil du leie ein skule med ambisjonar om å skape solid læring for framtida?
Som rektor hos oss får du eit heilskapleg ansvar for eigen skule saman med leiarteamet, som består av avdelingsleiar og SFO-leiar.
Arbeidsoppgåver:
Kvalifikasjonar:
Må ha:
Ønskjeleg med:
Personlege eigenskapar:
Anna:
Tiltredning 12.10.2026 eller etter nærare avtale
Vi tilbyr:
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her