Førde heimeteneste eining 2, har base på Prestebøen 8 i Førde, og er ei av totalt seks heimetenester i Sunnfjord kommune. Vi yter tenester innan heimesjukepleie, heimehjelp, matombringing og velferdsteknologi til heimebuande. Eininga har om lag 40 årsverk. Heimetenesta har fokus på implementering av velferdsteknologi. Vi er ein del av ressurssjukepleiarnettverket for kreftomsorg og lindrande behandling i kommunen. I tillegg har vi fokus på fleire tiltak innan demensomsorg. Vi ønsker å vere ei levande teneste med framtidsretta fokus der vi saman skal yte gode tenester til innbyggjarane våre! Vi ønsker å finne dyktige tilsette som vil vere med på dette. Er det deg?
Stillingane inneheld ein variert arbeidskvardag i todelt turnus med arbeid på laurdag og søndag.
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.
Du må søke elektronisk og søknaden må innehalde referansar.
Politiattest må leverast før start i stilling.
Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!