Hardanger fartøyvernsenter søkjer trebåtbyggjar i 100% stilling

Arbetsbeskrivning

Vi har ledig fast 100 % stilling som

TREBÅTBYGGJAR

Arbeidsområde:

  • Skipstømring, innreiing m.m. i samband med istandsetjing av verna og freda tre- og stålfartøy.

  • Instruksjon av lærlingar

Den ideelle kandidaten har:

  • Fagbrev som trebåtbyggjar.
  • Teknisk forståing for korleis eit fartøy er bygd.
  • Kunnskap om historiske fartøy og maritim kulturhistorie.
  • Gode norsk kunnskapar.

Annan relevant bakgrunn (t.d. tømrar, møbelsnikkar) kan vera aktuell kvalifikasjon.

Stillinga inneber noko reiseverksemd, då me har oppdrag i heile landet.

Personlege eigenskapar:  

Du er ryddig, engasjert og omgjengeleg, og meistrar å arbeide effektivt. Du er lagspelar som er oppteken av positivt arbeidsmiljø og HMT. Du set høge krav til kvalitet, og har interesse og erfaring med antikvarisk istandsetting,

Me tilbyr:  

  • Eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.  
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver.
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling  
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar, bedriftshelseteneste og velferdsordningar  

Hardanger og Voss museum er opptekne av mangfald og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke.