Store industrietableringar. Nye moglegheiter. Auka aktivitet og gir grunnlag for fleire lokale og regionale arbeidsplassar. Det skjer spennande ting i Noregs største kraftkommune dei komande åra - og no søkjer vi ein næringssjef som vil vere med å utvikle Suldal vidare.
Suldal står framfor ei tid med store moglegheiter innan næringsutvikling, etableringar, bustadvekst og lokal verdiskaping. Som næringssjef får du ei sentral rolle i å omsetje moglegheiter til handling og bidra til varig utvikling for kommunen og regionen. Dette er ei nøkkelstilling for deg som ønskjer å arbeide strategisk og operativt med samfunnsutvikling, næringsutvikling og samarbeid mellom offentlege og private aktørar.
Om stillinga
Som næringssjef får du ansvar for å leie og vidareutvikla kommunen sitt arbeid innan nærings- og samfunnsutvikling. Du skal identifisere moglegheiter, byggje relasjonar, koordinere innsats og leggje til rette for vekst og etableringar. Målet er å bidra til auka busetjing, fleire arbeidsplassar og størst mogleg lokal verdiskaping. Du vil samarbeide tett med politisk og administrativ leiing, næringslivet, regionale utviklingsmiljø, investorar, kunnskapsmiljø og andre sentrale aktørar.
Stillinga er plassert i kategorien rådgjevar kap. 5 og rapporterer direkte til kommunalsjef for Kultur- og samfunnsutvikling.
Arbeidsoppgåver
Kven ser vi etter?
Vi ser etter ein samfunnsengasjert og utviklingsorientert person som ser moglegheiter der andre ser utfordringar. Du er relasjonsbyggjar, arbeider strukturert og trivst med å omsetje strategi til konkrete resultat. Du har gjennomføringskraft, evne til å få folk med deg og motiverast av å skape utvikling med langsiktig verdi.
Kvalifikasjonar
Lang og relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet. Det er ein fordel om du har erfaring frå offentleg forvaltning og forståing for samspelet mellom politikk, administrasjon og næringsliv
Det er ein fordel om du har
Personlege eigenskapar
Vi legg vekt på at du:
Vi tilbyr
Ei sentral rolle i utviklinga av framtidas Suldal
Slik søkjer du
Vi ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar. Du kan logge inn via ID- porten, med brukarnamn og passord, via Facebook- profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Vi ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju. Treng du hjelp, kan du venda deg til kommunen på tlf. 52 79 22 00
Spørsmål til stillinga kan rettast til kommunalsjef for Kultur- og samfunnsutvikling Øyvind Stueland, mail: [email protected], mobil: 913 81407