Vil DU bli ein del av vårt leiarteam?

Arbetsbeskrivning

Tenesteområdet Helse- og omsorg, avdeling Heimetenesta, søkjer etter avdelingsleiar!

Vil du leie og utvikle framtidas heimetenester? Som avdelingsleiar i Heimetenesta vil du ha ei nøkkelrolle i eit framoverlent leiarteam i Helse- og omsorg.

Ved Heimetenesta møter du eitfagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø der humor, tryggleik og samarbeid står sentralt. Vi legg vekt på gode pasientforløp , har høgt fagleg fokus og arbeidar dagleg med tenesteutviklingsarbeid . Ved oppstart hjå oss får du god opplæring og oppfylging av dyktige kollegaersom gler seg på å få nettopp deg med på laget.

Som avdelingsleiar vert du ein del av leiarteamet, der det krevst at du evnar å arbeide både sjølvstendig og i team. I tillegg til dyktige tilsette, har du med deg fagsjukepleiar, avdelingssjukepleiar og tenesteleiar. Helse- og omsorg har eigen driftskoordinator som bistår på ikkje-helsefaglege oppgåver, samt merkantilressursar som har hovudansvar for innleige og turnusutarbeiding. Heimetenesta har tett og godt samarbeid med Vågåheimen, som og er ein del av tenesteområdet Helse- og omsorg.

Avdelinga består av heimesjukepleie, praktisk bistand, dagtilbod for heimebuande eldre og dagtilbod for demensomsorg, i tillegg til BPA, PA og hjelpemiddelkontakt. Du har personalansvaret for om lag 45 tilsette.

I tenesta legg vi vekt påfagutvikling og arbeidar aktivt med kvalitetsforbetring på systemnivå og i dagleg drift. Det er mykje positivt som skjer i tenesteområdet, med m.a. oppgradering av Heimetenesta si base ved Vågåheimen og ei systematisk, framtidsretta tenesteutvikling . Vi har stort fokus på helseteknologiske løysingar, innovasjon og kompetanseheving for våre tilsette. Vi arbeider dagleg med å rigge tenestene på ein slik måte at dei er berekraftige i framtida, der ein nyttar rett kompetanse på rett stad. Vi har ei god blanding av tilsette, både i alder og fagleg profesjon. Vi ser fram til å høyre frå deg!

Arbeidsoppgåver:

  • Budsjettoppfylging som inneber å delta aktivt i budsjettarbeid og budsjettrapportering

  • Fag- og personalansvar for alle tilsette i avdelinga

  • Levere god tenestekvalitet i tråd med tildelingskriterier og avdelinga sine rammer og mål

  • Utøve nærleiing og ha høg tilstedeværelse i avdelinga

  • Ha fokus på kontinuerleg forbetringsarbeid og læring

  • Arbeide for eit godt og inkluderande arbeidsmiljø

  • Ha nært samarbeid med tillitsvalde, verneombod og Miljøgruppe

  • Turnusansvar og ansvar for tilsettingsprosessar

Lista er ikkje uttømmande

Kvalifikasjonar:

  • Autorisasjon som sjukepleiar med minimum 5 års erfaring

  • Leiarutdanning og/ eller erfaring med leiing av helsetenester er ynskjeleg, men ikkje naudsynt

  • Gode turnuskunnskapar

  • God digital kompetanse og evne til å sjå moglegheiter og gevinstar ved bruk av t.d. helseteknologi

  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne, med evne til å utarbeide og formidle tydelege, ryddige og strukturerte framstillingar

  • God forståing for og erfaring med økonomistyring og politisk styrte rammebetingelser er ynskjeleg

Eigenskapane dine:

  • Tek ansvar og arbeider godt både sjølvstendig og i samarbeid med andre

  • Har høg arbeidskapasitet og god forståing for eiga rolle og ansvar

  • Er ein tydeleg, trygg og tillitsskapande leiar

  • Arbeider planmessig, strukturert og systematisk

  • Har sterk gjennomføringsevne

  • Er engasjert i utvikling og motiverast av å leie endrings- og utviklingsprosessar

  • Har sterke kommunikative ferdigheiter

  • Evnar å byggje tillitsfulle relasjonar og skape ein kultur for samarbeid og samhandling

  • Tek initiativ og sikrar god involvering, forankring og framdrift i prosessar

  • Er løysingsorientert og oppteken av å finne gode og berekraftige løysingar til det beste for fellesskapet

  • Evnar å inspirere og motivere medarbeidarar, og bidreg aktivt til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø

  • Møter endringar og utfordringar med fleksibilitet og tilpassingsdyktigheit

  • Er lojal og bidreg til å styrkje fellesskapet og laget

Personleg eignaheit vil bli tillagd avgjerande vekt

Det vert krevd politiattest ved tilsetjing.

Vi tilbyr:

  • 100 % fast stilling som avdelingsleiar Heimetenesta

  • Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i stadig utvikling, der du som avdelingsleiar vil få ei nykkelrolle for utvikling av tenesta

  • Deltaking i ei støttande og inkluderande leiargruppe med høgt fagleg fokus, som er motiverte og er tydelege lagspelarar

  • Eit godt fagmiljø, med dyktige og rutinerte kollegaer

  • Ei avdeling med fokus på fag, kvalitet og utvikling

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

  • Konkurransedyktig lønn

  • For deg som ikkje kan dagpendle vil kommunen vera behjelpeleg med å skaffe til vege mellombels bustad

Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av dei gjeldande lover, reglar og avtaler.

Stillingsprosent vil ikkje bli delt dersom det er til vesentleg ulempe for arbeidsgjevar.