ID 2467 Lege ved interkommunal døgnavdeling - Sunnhordland interkommunale legevakt.

Arbetsbeskrivning

Interkommunal døgnavdeling er lokalisert i 2. høgda i Legevaktbygget i nær relasjon til Stord sjukehus. Avdelinga vart opna 20. mars 2017.

Avdelinga har 9 senger. 4 senger er kommunale akutte døgnplassar (etter § 3-5 i helse- og omsorgstenestelova) og 5 senger er disponert av tildelingskontora i den einskilde av samarbeidskommunen for pasientar som treng opphald i påvente av tilbod i heimkommune.

**Det er ledig fast 100 % lege stilling ved interkommunal døgnavdeling (IDA) for kommunane Bømlo, Fitjar og Stord.**Oppstart etter avtale med leder.

Avdelingsoverlege har arbeidstida si frå 08 00 til 15 30 frå måndag til fredag

Dei faste legane er med i ein 6-delt bakvaktsturnus kvardagar kl 15.30 -- 22 og laurdagar/sundagar/heilagdagar kl 08-22. Det er 3 timars aktiv vakt på helgedagar. Bakvakt på netter er dekka av legevaktslege.

Arbeidet består i:

  • Vera delaktig i kvalitet- og utviklingsarbeid i avdelinga og bidra til fagutvikling.

  • Ha medisinsk ansvar for avdeling ( Medisinsk fagleg rådgjevar skal saman med dagleg leiar og styret, sikre eit godt fagleg og etisk nivå og vidareutvikle tenesta.

  • Samarbeid med fastlegar, heimetenesta og tildelingskontora i kommunane.

  • Ein vil ha pasientretta arbeid, med bl.a. visitt, inn- og utskriving av pasientar, føre epikrise etc.

Kvalifikasjonar:

  • Spesialist i allmennmedisin eller ALIS med interesse for geriatri og sykehjemsmedisin

  • Erfaring frå primærhelsetenesta, indremedisin eller geriatri

  • Fagleg engasjement og interesser for utvikling av avdelinga og godt arbeidsmiljø

  • Evne til sjølvstendig arbeid, funksjon i team og støttande delegasjon av oppgåver

  • God skriftlig og muntlig fremstillingsevne på norsk.

  • Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.

Vi tilbyr

  • Et faglig sterkt og inkluderende arbeidsmiljø

  • Fleksibel arbeidstid og god balanse mellom arbeid og fritid

  • Mulighet for å påvirke utviklingen av tjenestene

  • Mulighet å kombinere jobb med legevaktsarbeid hvis ønskelig

  • Lønn etter avtale

  • Offentleg tenestepensjon i KLP

Me legg vekt på personlege eigenskapar og vurderingar i intervju med tanke på evne og interesse for utvikling av faglege prosedyrar og rutinar for samarbeid internt i avdelinga og mot samarbeidspartar.

Lønn etter avtale. Pensjonsordning gjennom KLP.

For nærare opplysingar om stillinga kontakt dagleg leiar Agata Barbara Kapuscinska tlf. 40 72 92 63, eller mail: [email protected]

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.