Seljar / Salskonsulent – Teknisk forståing – Fresvik

Arbetsbeskrivning

Fresvik Produkt er ei solid hjørnesteinsbedrift med produksjon og utvikling av eigne produkt. Vi er kjende for solide løysingar, god kvalitet og tett samarbeid med kundane våre. Vi er leiande fagfolk på kjøle- og fryserom i Norge. Verksemda er lokalisert i Fresvik i Sogn, med salskontor i Drammen.

Hva vi ser etter

Vi ser etter deg som

· Har teknisk forståing og interesse for produkt og løysingar

· Er strukturert, sjølvstendig og målretta

· Trivst med kundekontakt og relasjonsbygging

· Er løysingsorientert og ser moglegheiter

· Har gode haldningar og lyst til å læra

Det er ein fordel om du har:

· Teknisk utdanning (ingeniør, fagskule, vidaregåande skule), relevant erfaring eller har lyst til å læra noko nytt.

· Erfaring frå sal, prosjektarbeid eller industri

· Førarkort klasse B

Arbeidsoppgaver

Vil du jobbe med sal av norske kvalitetsprodukt, tett på kundar og prosjekt -- og vere med på å utvikle løysingar som faktisk blir brukte ute i marknaden?

Fresvik Produkt AS ser etter ein engasjert og løysingsorientert seljar / salskonsulent / salsingeniør som vil vere ein viktig del av vårt sals- og utviklingsarbeid.

Hjå oss blir du ein del av eit fagleg sterkt miljø der praktisk erfaring, teknisk forståing og god kundedialog går hand i hand.

Om stillinga

Stillinga byr på varierte og spanande arbeidsoppgåver innan sal, kundeoppfølging og rådgiving. Du vil jobbe tett med både kundar, kollegaer og produksjon for å sikre gode løysingar frå behov til levert produkt.

Rolla passar både for deg med teknisk utdanning og for deg med praktisk erfaring frå sal eller industri, men også deg som har lyst til å læra deg nye ting.

Arbeidsoppgåver

· Aktivt sal- og marknadsarbeid mot nye og eksisterande kundar

· Rådgiving og støtte til kundar i tilbod- og prosjektfase

· Utarbeiding av tilbod og oppfølging av ordre

· Samarbeid med produksjon og utvikling

· Bidra til vidareutvikling av produkt og løysingar basert på behov i marknaden

· Oppfølging av kundar etter levering

Vi tilbyr

Vi tilbyr

· Ei spennande og variert stilling i ei solid norsk bedrift

· Påverknad på eigen arbeidskvardag

· Tett samarbeid med dyktige kollegaer

· Konkurransedyktige vilkår

· Godt arbeidsmiljø i naturskjønne omgjevnader i Sogn

· Hjelp til å skaffa bustad i Fresvik