Vi ser etter ein ny skipsførar til MF Gloppefjord
Her får du ein familievenleg turnus med mykje fri, der du går 2 veker på 3 veker av. Lote-Anda var Norges fyste heilelektriske fergesamband.
Som skipsførar er du ein viktig bidragsytar til at både passasjerar og mannskap får ei god oppleving. Stillinga krev at du er løysningsorientert og likar å arbeide operativt. Du arbeider tett med mannskapet om bord og med administrasjonen på land for å ivareta stabil drift på sambandet.
Fjord1 er eit framtidsretta selskap med moderne fartøy og fokus på miljø og teknologi. Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår, gode pensjonsordningar og attraktive velferdsgoder.
Fjord1 har bolig til disponering i nærleiken av sambandet.
Vi leiter etter ein kompetent og ansvarleg skipsførar med solid erfaring innan maritime operasjonar og ledelse. Du bør ha ein sterk forståelse for sikkerheitsprosedyrer, gode kommunikasjonsferdigheiter og evne til å ta raske beslutningar i krevande situasjoner. Som skipsførar vil du sikre trygg og effektiv drift, samt inspirere og lede mannskapet om bord. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.