Er du vår nye kollega innan avløp og reinseteknologi?

Arbetsbeskrivning

Vil du jobbe med teknologi, miljø og eit viktig samfunnsoppdrag?

Voss herad søkjer ein engasjert og løysingsorientert driftsoperatør til avløpssektoren. Hos oss får du ein variert arbeidskvardag med ansvar for drift av reinseanlegget som bidreg til eit reinare vassmiljø og ei berekraftig samfunnsutvikling.

Stillinga har hovudarbeidsstad ved Voss reinseanlegg, som er dimensjonert for om lag 20 000 personekvivalentar. I tillegg har avdelinga ansvar for drift og oppfølging av sju mindre reinseanlegg rundt om i kommunen.

Som driftsoperatør vert du ein del av eit kompetent fagmiljø som arbeider med avanserte prosessar, tekniske løysingar og kontinuerleg utvikling av avløpsinfrastrukturen i kommunen.

Ver med og bygg framtidas reinseanlegg

Dei neste åra skal Voss herad gjennomføre eit av sine største VA-prosjekt – bygginga av nytt reinseanlegg i Myrkdalen. Anlegget er planlagt ferdigstilt i 2028 og skal møte framtidige krav til reinseeffekt, driftstryggleik og miljø.

Som driftsoperatør får du ei unik moglegheit til å bidra med praktisk driftserfaring og faglege innspel gjennom planleggings- og byggefasen, og seinare vere med på å forme drifta av eit nytt og moderne reinseanlegg.

Arbeidsoppgåver

  • Dagleg drift og tilsyn ved Voss reinseanlegg og dei mindre reinseanlegga i kommunen
  • Overvaking og oppfølging av reinseprosessar
  • Drift og bruk av driftskontrollsystem (SCADA)
  • Feilsøking og optimalisering av prosessar
  • Vedlikehald av prosessutstyr, pumper og tekniske installasjonar
  • Prøvetaking, dokumentasjon og rapportering
  • Deltaking i utviklings- og investeringsprosjekt
  • Bidra til eit godt HMS-arbeid
  • Deltaking i vaktordning etter gjeldande planar

Kvalifikasjonar

Me søkjer deg som har:
Fagbrev eller relevant utdanning innan eitt eller fleire av desse fagområda:

  • Prosessfag
  • Kjemiprosess
  • Automatisering
  • Elektro/automasjon
  • Røyrleggjar- eller industrirøyrleggarfaget
  • Andre relevante tekniske fagområde
  • Erfaring frå reinseanlegg, prosessindustri, VA-sektoren eller anna teknisk drift er ein fordel
  • Førarkort klasse B

Relevant erfaring kan kompensera for manglande formalkompetanse.   

Personlege eigenskapar

Me ser etter deg som:

  • Har interesse for tekniske anlegg og prosessdrift
  • Arbeider strukturert og tek eigarskap til oppgåvene dine
  • Er løysingsorientert og praktisk lagt
  • Har gode samarbeidsevner og kommuniserer godt med kollegaer
  • Kan arbeide både sjølvstendig og i team
  • Har digital kompetanse og interesse for moderne driftsverktøy

Kvifor velje Voss herad?

Du får moglegheit til å arbeide med samfunnskritisk infrastruktur, bidra til eit betre miljø og vere med på spennande utviklingsprosjekt.

Hjå oss får du:

  • Ei meiningsfull stilling med eit viktig samfunnsoppdrag
  • Ein variert arbeidskvardag med moderne teknologi og faglege utfordringar
  • Eit godt fagmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving
  • Deltaking i vaktordning med godtgjersle etter gjeldande avtalar
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
  • Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Klar for å gjere ein forskjell?

Vil du vere med og sikre reint vatn, eit betre miljø og framtidsretta løysingar for innbyggjarane i Voss herad? Då håpar vi å høyre frå deg.

Søknad

Voss herad ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald og inkludering. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Søk via søknadsportalen og legg ved relevante attestar, vitnemål og referansar. I samsvar med offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjar verte offentleggjorde sjølv om søkjar har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste.

 


Link til søknadsskjema: Søk her