Informasjon om stillinga:
Vil du vere med på laget som gjer Vossabadet til ein trygg og kjekk stad for alle? Me leitar etter deg som er serviceinnstilt, trygg i vatnet, og glad i varierte arbeidsdagar – kort sagt, ein ekte badevert! Stillinga ligg til Vossabadet og Voss Idrettshall KF. Du vert ein del av ei aktiv, fleirspråkleg og kjekk gruppe med ansvar for å drifta Vossabadet, Voss Idrettshall og Utebassenget på Voss. Arbeidet er prega av ein flat struktur og at alle tilsette er involvert og medverkande til korleis me best kan løysa oppgåvene me gjer.
Som badevert hjå oss har du ei nøkkelrolle i å sørge for tryggleik, reinhald og ein positiv gjesteoppleving. Du vil jobbe med alt frå tradisjonell badevaktteneste og reinhald, til resepsjon og kaféarbeid. Me har eit engasjert team som gjev full opplæring innan livredning, reinhald og driftsrutinar. Har du òg til dømes ei interesse for tekniske anlegg, og/eller erfaring frå aktivitet/trening i vatn, som kan vera med å utvikla Vossabadet til ein flott stad å vitja for våre gjester, ja då vert me utruleg glad!
Me tilbyr:
Arbeidsoppgåver og ansvar:
Kva ser me etter?
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner som gjer det same, finn du mange spennande stillingar i Voss herad her: Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)
Om arbeidsstaden:
Hausten 2017 opna Voss sitt nye symjeanlegg, Vossabadet. Me har mål om å skapa ein knakande kjekk arbeidsplass, og søkjer no etter DEG som kan vera med i gjengen av dyktige tilsette. Vossabadet er tufta på tre grunnsøyler; Tryggleik, Reinhald og Service. Skal du jobba hjå oss, må du forstå kvifor dette er viktig, og kunne leva opp til vårt slagord «Rein Glede».
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.