Er du helsefagarbeidar og vil være med å skape nye moglegheiter saman med oss på Rehabiliteringsavdelinga ved Luranetunet?
Rehabiliteringsavdelinga v/ Luranetunet bu- og behandlingssenter er ei korttidsavdeling med 20 plassar. Avdelinga er ei fagleg sterk avdeling med stort hjarte, mykje humor og der tilsette har låg terskel for å spørja kvarandre om hjelp Rehabiliteringsavdelinga har spesialisert seg på rehabilitering og her får du høve til å arbeide i eit tverrfagleg team saman med engasjerte sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, assistentar, treningsterapeutar, fysio- og ergoterapeut, samt lege. Avdelinga samarbeider tett med heimebaserte tenester og fastlegen til pasientane. Den ligg i 1. etasje og har tilgang til både utvendig og innvendig sansehage, med lett tilgang til treningsrom.
Kvifor jobbe ved Luranetunet
Kven ser vi etter?
Denne typen jobb passer for deg som:
Om arbeidsplassen
Luranetunet bu- og behandlingssenter ligg berre nokre minutt frå Bergen og har 175 plassar fordelt på 2 korttidsavdelingar og 7 langtidsavdelingar. Vi har både rehabilitering, behandling og avdelingar spesielt tilrettelagt for personar med demens.
Hos oss står bebuarane sine livshistorier og behov i sentrum – vi ser alltid personen bak sjukdommen. Vår visjon er «Varme og vekst i samspel», noko som speglar både omsorga for bebuarane, utviklingsmoglegheitene for dei tilsette og det gode miljøet i og rundt tropehagen vår på 1300 m².
Vil du lesa meir om Luranetunet bu- og behandlingssenter sjå vår heimeside:
Luranetunet bu- og behandlingssenter - Bjørnafjorden kommune (bjornafjorden.kommune.no)
Praktisk informasjon
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.