Familieteamet har ledig 100% fast stilling.
Har du interesse og engasjement for arbeid med barn, unge og deira familiar? Då håper vi du vil bli vår kollega i Familieteamet.
Bjørnafjorden kommune har samorganisert tenestetilbodet til barn, unge og familiar i Familiens hus. Her inngår Barneverntenesta, Førebyggande helse og eining for Barn, unge og familiar. Familieteamet er ein egen avdeling under Barn, unge og familiar. Tidleg innsats og tverrfagleg samarbeid med eit heilskapleg blikk for barnet sine behov er ei viktig satsing i vår kommune, og Familieteamet med sitt tenestetilbod er ein viktig del av laget kring barnet.
Familieteamet i Bjørnafjorden kommune er eit gratis lågterskeltilbod til barn og unge frå 0 til 18 år og deira føresette som strevar med ulike problemstillingar knytt til blant anna samspel, psykisk helse og trivsel. Vi søker deg som har erfaring frå arbeid endringsarbeid i familiar og psykisk helse.
Arbeidsoppgåver
- Rettleiing og endringsarbeid i familiar, individuelt og i grupper
- Klinisk arbeid med barn, unge og familiar
- Kartlegging og oppfølging av lette til moderate psykiske helseplager hos barn og unge
- Familiesamtalar
- Tverrfagleg samarbeid
Kvalifikasjonar
- Psykolog eller minimum 3-årig utdanning frå høgskule/universitet, fortrinnsvis helse- eller sosialfagleg utdanning
- Relevant vidareutdanning knytt til familiearbeid og psykisk helse
- Erfaring frå endringsarbeid i familiar
- Erfaring frå klinisk arbeid med psykisk helse barn og unge
- Ønskeleg med sertifisering i rettleiingsmetodikk som EFST, PMTO e.l
- Førarkort klasse B
I tillegg ønsker vi at du har
- Evne til å arbeide målretta, både sjølvstendig og i team
- Evne til å sjå og vise omsorg for barn og unge som enkeltmenneske med integritet og verdi
- Erfaring med tverrfagleg samarbeid, og bruk av IT som arbeidsverktøy
- Er samarbeidsorientert og jobbar godt i tverrfaglege team
- Ønsker å bidra til å vidareutvikle kommunen sitt arbeid med psykisk helse, helsefremming og førebygging på oppvekstfeltet
Vi legg vekt på personlege eigenskapar.
Vi ønsker å vere tilgjengelege når brukarane våre er det. Difor må du rekne med arbeid på ettermiddagstid inntil ein kveld i veka.
Vi tilbyr
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
- Fleksibel arbeidstidsordning
- Ei spanande stilling i ei teneste i utvikling
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
Kontaktpersonar
For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med:
- Avdelingsleiar for Familieteamet; Lillian Slettevold, telefon 415 04 303
- Leiar for Familiens hus; Linda Hevrøy, telefon 971 56 989