Tannhelsesekretær ved spesialistklinikken på TkVestland

Arbetsbeskrivning

Har du lyst til å bli del av eit stort og spennande fagmiljø? Då er TkVestland noko for deg!

Vi har ledig 100 % fast stilling som tannhelsesekretær 1. september 2026.

TK Vestland er eitt av fem regionale kompetansesenter i Noreg, og vi tilbyr spesialisttannhelsetenester til befolkninga i Vestland. Praksisnær forsking er høgt prioritert hos oss, og eit sentralt mål er at resultata skal kome både tannhelsetenesta og pasientane til gode.
Vi utfører undersøking og behandling av pasientar som er tilvist frå offentlege og private tannklinikkar. I tillegg driv vi utadretta verksemd gjennom rådgjeving, kurs og hospitering for tannhelsepersonell.
Spesialistklinikken ved TK Vestland i Årstadveien 19 har 11 moderne behandlingsrom, og vi har òg ein klinikk ved Haukeland sjukehus. Totalt er vi rundt 40 tilsette, med spesialistar innan alle odontologiske fagområde.

Arbeidsoppgåver

Som tannhelsesekretær hos oss vil du mellom anna:

  • utføre klinisk assistanse ved spesialist tannbehandling
  • utføre røntgentaking, både intraoral og OPG
  • ha ansvar for oppdekking, etterfylling av instrument og materialer
  • ha ansvar for reinhald, sterilisering og vedlikehald av utstyr
  • halde deg fagleg oppdatert og følgje gjeldande lover, retningsliner og rutiner
  • jobbe med ulike administrative oppgåver knytta til pasientbehandling og drift på klinikken
  • delta i HMS-arbeid og kvalitetsutvikling
  • delta i bemanninga av resepsjonen

Kvalifikasjonar

  • du har norsk autorisasjon som tannhelsesekretær
  • du må kunne bruke norsk som arbeidsspråk, både skriftleg og munnleg
  • det er ønskjeleg at du har klinisk erfaring, gjerne frå offentleg tannhelseteneste eller frå eit tannlegespesialist fagfelt
  • god kjennskap til bruk av journalsystemet Opus 
  • du som blir tilsett må ha godkjend politiattest

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som

  • trivst med å jobbe med menneske og set pasienten først
  • kommuniserer godt og bygger gode relasjonar – både med pasientar, pårørande, kollegaer og samarbeidspartar
  • kan arbeide sjølvstendig og strukturert
  • trives med- og meistrar travle dagar
  • er positiv og serviceinnstilt
  • bidreg til eit godt arbeidsmiljø på klinikken
  • har interesse for fagleg utvikling – og deler kunnskapen din med andre

Personlige egenskaper vil bli ekstra vektlagt.

Vi tilbyr

  • ein meiningsfull, samfunnsnyttig og variert arbeidskvardag med pasientar i alle aldrar og pasientgruppar
  • ei spanande stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
  • løn etter gjeldande tariff
  • gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar

Kontaktinformasjon

Marita Bjørkelund, Klinikkleiar, 97592838, [email protected]

Arbeidsstad

Årstadveien 19
5009 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5151482293
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.08.2026