På Nortura sitt anlegg i Førde styrkjer vi no teknisk avdeling med ein ny industrimekanikar. Her blir du ein del av eit solid fagmiljø med brei kompetanse og lang erfaring, der vi saman jobbar for stabil drift og kontinuerleg forbetring av produksjonsanlegget.
Om teknisk avdeling
Teknisk avdeling består av eit allsidig fagmiljø med brei kompetanse innan fleire fagområde. Her finn du fagkompetanse innan mellom anna kjøleteknikk, automasjon, mekanisk vedlikehald, elektro, røyrarbeid og sveising.
Kvardagen er variert og omfattar oppgåver innan drift, vedlikehald, feilsøking og forbetring av tekniske anlegg. Fabrikken har ei rullerande teknisk vaktordning, og vi legg til rette for kurs og vidareutdanning som bidreg til å styrkje den samla kompetansen i avdelinga.
Arbeidsoppgåver
- Vedlikehald og reparasjon av produksjonsutstyr og mekaniske installasjonar
- Feilsøking på maskiner og prosessutstyr
- Utskifting og tilpassing av mekaniske komponentar
- Bidra i ombyggingar, modifikasjonar og tekniske forbetringar
- Tett samarbeid med produksjon og andre fagmiljø for å sikre stabil drift
Vi ser etter deg som har
- Fagbrev er ein fordel, men ikkje eit krav
- Erfaring frå industri er ein fordel, men ikkje eit krav
- Erfaring med bruk av PC og digitale verktøy i arbeidssamanheng
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
- Serviceinnstilt haldning og gode samarbeidsevner
- Interesse for å lære nytt og utvikle deg fagleg
- Førarkort klasse B
Vi kan tilby
- Eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø med kjekke kollegaer
- Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Konkurransedyktige løns- og arbeidsvilkår
- Svært gunstige pensjons- og forsikringsordningar
- Kantine og treningsrom
- Trygg arbeidsplass i ei framtidsretta verksemd
Den som blir tilsett må gjennomføre konsernet sitt HMS- og hygieneopplæringskurs.
Søknader blir vurderte fortløpande.
Link til søknadsskjema:
Søk her