Vikariat i 60-80 % stilling som barnehagelærar/evt fagarbeidar på ubestemt tid - oppstart så snart som mogeleg

Arbetsbeskrivning

På den eine 3-6 års avdelinga vår har vi i alt 3 pedagogar + fleire pedagogiske medarbeidarar. Pga sjukmelding hos nokon av pedagogane, søkjer vi ein barnehagelærar som kan tenkje seg å vere vikar i 60-80 % på ubestemt tid - til dei faste tilsette er på plass igjen.

Krav til kompetanse:

  • Førskolelærerutdanning

  • Om ikkje vi får søkjarar med førskulelærarutdanning, er søkjarar med anna fagkompetanse som barne- og ungd.arbeidar eller anna relevant fagbrev aktuelle


Vi ynskjer oss barnehagelærar med:

  • godt humør

  • gode samarbeidsevner

  • engasjement og initiativ

  • fokus på barna

  • evner til god kommunikasjon

  • evne til fleksibilitet og kan ta eigne avgjersler/jobbe sjølvstendig

  • erfaring i høve arbeid med barn med særskilde behov

  • erfaring med DUÅ (De utrolige årene)

  • beherskar bruk av pc som arbeidsreiskap

Personlege eigenskapar vert også vektlagt.

Vi tilbyr deg:

  • ein kvardag med verdens beste barn

  • hyggelege og gode kollegaer som nyttar aktivt DUÅ prinsipp i sin kvardag

  • innhaldsrik og variert jobb

  • barnehage som er medlem i Pbl (Private barnehagers landsforbund)

  • 5 planleggingsdagar i året

Tilsetting krev godkjent politiattest.

Lønn etter gjeldande tariffavtale som førskulelærar/evt fagarbeidar

Referanse er ynskjeleg.