Rådgjevar/seniorrådgjevar – utdanning

Arbetsbeskrivning

Om stillinga

Vi har ledig ei fast stilling på utdanningsområdet, der hovudoppgåva vil vere arbeid med skulemiljø. Statsforvaltaren vurderer om skulen har oppfylt den lovpålagde aktivitetsplikta i elevsaker. Vi rettleiar også elevar, foreldre og skulesektoren om regelverket.

Vi ønskjer oss ein dyktig  medarbeidar med erfaring frå arbeid med grunnskule eller vidaregåande opplæring.

Stillinga høyrer til forvaltningsseksjonen, som har 18 tilsette med juridisk, pedagogisk, samfunnsfagleg og administrativ kompetanse.


Arbeidsoppgåver

I stillinga vil du

  • sakshandsame saker om skulemiljø
  • rettleie skulesektoren og privatpersonar om problemstillingar knytt til kapittel 12 i opplæringslova
  • ved behov arbeide med andre saker knytt til opplæringslov og barnehagelov
  • samarbeide tett med dyktige kollegaer med ulik fagbakgrunn 

Kvalifikasjonar

For å arbeide hos oss må du ha

  • høgare utdanning på bachelor- eller masternivå 
  • erfaring frå arbeid i, eller med, grunnskule og/eller vidaregåande opplæring
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på nynorsk og bokmål
  • kunnskap om kommunesektoren, offentleg forvaltning og Statsforvaltaren si rolle i styringssystemet

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som har

  • evne til å fordjupe deg i eit fagfelt, og som tek ansvar for å halde fristar og følgje opp eigne sakar 
  • evne til å kommunisere kompliserte problemstillingar på ein god måte, både skriftleg og munnleg
  • evne til å rettleie barn og vaksne i sårbare situasjonar
  • vilje og evne til å samarbeide, både med kollegaer og eksterne, om å løyse oppgåvene på best mogeleg måte

Som tilsett hos Statsforvaltaren får du

  • interessante arbeidsoppgåver som har betyding for barn og unge sine liv
  • eit godt, inkluderande, tverrfagleg arbeidsmiljø der vi arbeider saman om å løyse oppgåvene
  • medlemskap i offentleg tenestepensjonsordning
  • fleksibel arbeidstid
  • høve til heimekontor ein dag i veka
  • arbeidsplass i nye aktivitetsbaserte lokalar
  • løn i samsvar med vår lokale lønspolitikk 

Vil du jobbe hos oss? | Statsforvaltaren i Vestland


Vi ønskjer mangfald

Statsforvaltaren ønskjer mangfald, og vil leggje til rette for eit inkluderande arbeidsliv. Aktuell tilrettelegging kan for eksempel vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endringar av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid. 

Inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer tilsette med ulik kompetanse, fagkombinasjon, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing.

Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, nasjonal eller etnisk bakgrunn, funksjonsevne eller hol i CV-en. Vi oppmodar om å krysse av i jobbsøkjarportalen dersom du har nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Dersom det er kvalifiserte søkjarar frå desse gruppene kallar vi inn minst ein søkjar i kvar av gruppene til intervju. 


Vilkår

Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrifter hentar du frå vitnemålsportalen i Jobbnorge. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå HK-dir

Når søknadsfristen er ute, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er derfor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er sett i utlysinga. 

Vår lokale lønspolitikk stiller strenge krav til kompetanse for seniorrådgivar. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn. 

Dei første seks månadane er prøvetid. Du kan lese meir om det i statens personalhandbok.

Tenestemålet til embetet er nynorsk.

Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfrist. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring må du grunngje dette. Du får varsel om reservasjon i rekrutteringsportalen dersom reservasjon ikkje blir teken til følgje.