Avdelinga vår på Nordfjordeid har ledig 100% fast stilling som rådgjevar.
Vi ser etter deg som har:
Relevant høgare utdanning, minimum på bachelornivå
Erfaring frå liknande arbeid, og / eller kunnskap om og interesse for arbeidsinkludering
God menneskekunnskap med auge for ressursar og utviklingspotensial
Evne til å vere motiverande og sjå ulike løysingar til beste for deltakar
Har gode samarbeidsevner
Bidreg til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
Har gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner på norsk
For oss er det viktig å ha rett person på rett plass. Personlege eigenskapar vert difor tillagde stor vekt. Har du lyst til å prøve noko nytt og utfordrande, så er kanskje du den vi leitar etter.
Som rådgjevar i Movia vil du få ansvaret for å hjelpe menneske med ulike utfordringar i, eller tilbake i arbeid. Dette inneberer å motivere, støtte og gje tett oppfølging til kvar enkelt tiltaksdeltakar i heile prosessen fram mot arbeid.
Under prosessen vil du ha eit tett samarbeid med Nav, arbeidsgjevarar og andre samarbeidspartar. Du må og vere aktiv i arbeidsmarknadane slik at du får innsikt i verksemdene sine behov og bygger tett relasjon til lokalt næringsliv.
Arbeidsoppgåver:
Indivduelle rettleiing og kartleggingssamtaler med tiltaksdeltakar knytt til helse og arbeidsliv
Finne jobbmoglegheiter basert på deltakar sine interesser, styrker, kompetanse og ferdigheiter
Oppsøke aktuelle arbeidsgjevarar og bygge nettverk i lokalt næringsliv
Etablere god relasjon til tiltaksdeltakar, arbeidsgjevarar og andre samarbeidspartar
Utarbeiding og oppfølging av individuelle planar, samt rapportar til Nav og deltakar
Ein spennande, utfordrande og meiningsfull jobb
Vere ein del av eit større fagmiljø i Movia
Eit godt og triveleg arbeidsmiljø
Høve til å bruke eigne erfaringar, kunnskap og interesser
Løn etter avtale
God pensjonsordning