To stillingar i 100 % vikariat i bu og miljø

Arbetsbeskrivning

Vik kommune har ledig to vikariat i 100 % stillingar som miljøarbeidarar i heimetenestene 2, bu og miljøtenesta.

 

Om arbeidsstaden

Kommunen er liten men tenkjer stort. Me byggjer nye og moderne lokale med sjukeheim, og lokale til heimetenester, psykiatri, psykolog, institusjonskjøkken, dagtilbod, rehabilitering og omsorgsbustader. Bli med på ein spanande og framtidsretta utvikling i kommunen!

Vik kommune har ledig følgjande vikariat i 100 % stillingar som miljøarbeidarar: 

  1. Eit årsvikariat frå snarast til 01.08.27
  2. Eit vikariat i tida 01.11.26 - 04.04.27

 Begge stillingane er i turnus med arbeid kvar tredje helg. 

 

Me tilbyr

  • Varierte oppgåver med fokus på fagleg utvikling
  • Dyktige kollegaer og godt tverrfagleg samarbeid
  • Årsturnus
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Arbeidsoppgåver

  • Utføra arbeidsoppgåver i tråd med lovverk, rutinar og prosedyrar som gjeld for avdelinga
  • Heilheitleg pleie og omsorg, kartleggingar, behandling og observasjon av brukarar, med fokus på brukarmedverknad
  • Vera pådrivar for eigenmeistring
  • Deltaking i ulike prosjekt
  • Dokumentasjon, laga og evaluera tiltaksplanar 
  • Utføra arbeidsoppgåver i tråd med lovverk, rutinar og prosedyrar som gjeld for avdelinga

 

Me søkjer

 

Krav til kompetanse

  • Det er ønskjeleg med utdanning som helsefagarbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar, men andre med relevant arbeidserfaring er velkomne til å søkje. 
  • God norsk munnleg og skriftleg kompetanse
  • Gyldig politiattest må leggast fram ved tilsetjing

 

Personlege eigenskapar

Me søkjer deg som kan gjera kvardagen god for andre, og har desse eigenskapane: 

  • Fagleg engasjert og profesjonell i yrkesutøvinga
  • Interesse for arbeid med menneske med funksjonsvariasjon
  • God i kommunikasjon, relasjon og samarbeid med andre
  • Fleksibilitet og godt humør vert vektlagt 

 

Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.

 

Andre opplysningar

Vik kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal offentleggjerast, må du grunngje dette i søknaden.

 

Søknadsprosedyre

Alle søknader på ledige stillingar i Vik kommune skal registrerast elektronisk. Me ber om at dokumentasjon på eventuell utdanning og erfaring blir lagt ved søknaden.

Dersom du treng hjelp med søknaden, kan du ta kontakt på tlf. 57 69 82 00.


Link til søknadsskjema: Søk her