Miljøterapeut  

Arbetsbeskrivning

Butenesta i Haram har ledig 100% stilling som miljøterapeut. Stillinga er for tida ledig i avdeling barnebustad og avlastning.
Stillinga er ledig frå 1. oktober 2026, eller etter avtale. Turnus for stillinga er dag- og kveldsvakter, med langvakter kvar 4.helg. 

Barnebustad og avlasting held til i lokale ved Solbakken bukollektiv på Vatne. Basen for butenesta er lokalisert i Brattvåg, og enkelte dagar kan oppmøtestaden vere der i samband med møte og andre arbeidsoppgåver. Som miljøterapeut ved Solbakken blir du ein del av eit tverrfagleg team saman med dyktige miljøterapeutar og andre medarbeidarar med helsefagleg kompetanse. Dette gir eit godt fagmiljø med høve til samarbeid, læring og fagleg utvikling.

Butenesta skal i ein 4-årsperiode framover ha fokus på å jobbe systematisk for å sette i system og implementere krav og mål til rettleiaren "Gode helse og omsorgstenester til personar med utviklingshemming". Som miljøterapeut får du vere ein del av dette arbeidet. I 2025 var Butenesta med i prosjektet TØRN, og dette skal no implementerast ut i dei andre avdelingane.

Haram kommune er oppteken av gode heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.
Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode, målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og  meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.


Arbeidsoppgåver

  • Målretta miljøarbeid. 
  • Vere nytenkande og kreativ for å imøtekome deltakarane sine behov og ønskje.
  • Bruk av hjelpemiddel dersom deltakarane har behov for dette.
  • Deltaking/samhandling med pårørande/verge og andre samarbeidspartnarar.
  • Dokumentering etter gjeldande prosedyrer og lovverk.
  • Fagutvikling der miljøterapeut vil ha fagansvar og koordineringsansvar på avdelinga. 
  • Utarbeide, oppdatere og følgje opp tiltak og planar etter vedtak og behov.
  • Rettleiingsansvar, både i gruppe og på individnivå.
  • Innleige ved sjukdom, i turnussystemet GAT.
  • Gruppeleiar med primæransvar. 
  • Legemiddelhandtering

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar eller annan treårig høgskuleutdanning innan helse- og sosialfag. 
  • Erfaring med å jobbe tverrfagleg og i team.
  • Erfaring i helse- og omsorgstenestelova kapittel 9.
  • Meistre godt norsk både skriftleg og munnleg.
  • Førarkort kl. B.
  • Erfaring frå arbeid med menneske med psykisk utviklingshemming.
  • Politiattest er eit krav.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • Viser initiativ og er kreativ. 
  • Er kunnskapsrik og fagleg oppdatert.
  • Har ønskje om å utvikle deg og tileigne deg ny kunnskap og erfaring. 
  • Er pliktoppfyllande og sjølvgåande.
  • Har stor arbeidskapasitet og er ein utprega omsorgsperson.
  • Evnar å bygge relasjonar med deltakarar, kollegaer og andre samarbeidspartnarar.
  • Evnar å skape engasjement og har gode haldningar og moral.
  • Er ein lagspelar som bidrar til at felles mål blir nådd.
  • Er lojal og stabil.

Vi tilbyr

  • Ein kjekk arbeidsplass med moglegheit for personleg og fagleg utvikling.
  • Rom for å vere kreativ.
  • Løn etter gjeldande tariffavtale.
  • Avsett tid i turnus til å jobbe med fag og oppfølging av primærkontaktrolla. 
  • Jobb i eit miljøterapeutteam i lag med 5 andre miljøterapeutar i Haram bustader 1, samt helsefagarbeidarar og assistentar. 

Kontaktinformasjon

Linn Borgund, Tenesteleiar, 97595965, [email protected]

Arbeidsstad

Ulvestadvegen 6
6265 Vatne

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune

Referansenr.: 5158001107
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.10.2026
Søknadsfrist: 06.09.2026