Optima legg vekt på kvalitet, godt handverk og eit inkluderande arbeidsmiljø der medarbeidarane våre er den viktigaste ressursen. No ønskjer me DEG med på laget for vidare vekst og utvikling.
Me ser etter deg som
Er løysingsorientert, tek initiativ og viser engasjement i arbeidet ditt
Samarbeider godt med andre, men også kan arbeide sjølvstendig
Har gode kommunikasjonsevner på norsk, både munnleg og skriftleg
Er strukturert og påliteleg, som tilpassar deg ulike situasjonar og som tek ansvar og får oppgåvene i mål.
Er serviceinnstilt
Har interesse og forståing for prosess og produksjon. Erfaring som prosessoperatør, kjemifagleg bakgrunn eller erfaring frå liknande produksjon er ein fordel.
Dine viktigaste arbeidsoppgåver
Produksjon av produkta våre
Tapping, etikettering og ferdigstilling av produkt
Vikariere for produksjonssjefen ved behov
Pakking og klargjering av varer for sending
Registrering og dokumentasjon
Kundekontakt
Me tilbyr
Ei variert stilling i eit godt arbeidsmiljø
Opplæring og gode moglegheiter for fagleg utvikling
Trivelege kollegaer og ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter avtale