Frå 7.desember 2026-- 18.mars 2027 er det ledig 80 % stilling som barnehagelærar i eit svangerskapsvikariat med moglegheit for tidlegare start.
Søre Grindstugu barnehage er ein fem-avdelingsbarnehage: Marihøna 1 år, Ekornet 2- 3 år, Haren 3- 4 år, Rådyret 4 år og Elgen 5 år.
Arbeidsoppgåver
Vere ein god rollemodell som er aktiv i relasjonsarbeidet med barna
Medansvar for endrings -- og utviklingsarbeid
Vere ein god rollemodell i leik
Vere observant og kunne inkludere og hjelpe barn inn i leik
Bidra aktivt til eit nært samarbeid mellom heim og barnehage
Samarbeide med kolleger om å løse barnehagen sine oppgaver
Foreldresamtaler
Vere i to -spann med pedagogiskleiar
Kvalifikasjonar
Bachelor som barnehagelærar
Kunne kommunisere godt både munnleg og skriftleg
Studentar er velkomne til å søke
Personlege eigenskapar
Vi verdsett mangfold, der alle involveres og tek ansvar i utvikling av barnehagen, samtidig ynskjer vi at du:
Har evne til å ha ansvar i pedagogisk arbeid i barnegruppa
Har gode samarbeidsevner og kan samarbeide godt i eit team
Kan arbeide sjølvstendig og i lag med andre i arbeid mot felles mål
Har eit glødande engasjement for barna
Er oppteken av kunnskap og vidareutvikling av barnehagen.
Ønsker å bidra til utvikling gjennom refleksjon og forbetring av praksis
Har uteglede og har evne til å inspirere barna
Har ei helse som er forenlig med arbeidets art
Vi tilbyr
Eit godt arbeidsmiljø
Kunne påverke eigen arbeidskvardag og barnehagen sin faglege utvikling
Fine lokal og uteområde med stor variasjon der barna opplev meistring
Lønn etter sentrale avtaler og Vågå kommunes lokale avtaler
God pensjonsordning
Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av dei gjeldande lover, reglar og avtaler.
Søknadsfrist: 10.september 2026
Nærare opplysingar får du ved å kontakte konstituert styrar:
Siv Kristin Paulsen; mobil: 95 28 11 06 e-post: [email protected]
Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til [email protected].
Vågå kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.