UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgALikar du å arbeide med menneske? Ønsker du å vere med å bidra til å legge til rette for ein god studiekvardag for studentane og ein god arbeidsdag for dei som underviser? Er du opptatt av utdanning, danning og dei humanistiske fagas relevans for samfunnet?
Om desse beskrivingane passar for deg, håpar vi du vil søke på vikariatet vi har ledig ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) i 100 % stilling som seniorkonsulent (studie/eksamenskonsulent). Det er ønskeleg med oppstart så raskt som mogleg. Vikariatet har varigheit ut august 2027 med moglegheit for forlenging.
LLE er eitt av fire institutt ved Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Bergen. Instituttet femner om faga litteraturvitskap, språkvitskap, norsk som andrespråk, nordisk språk og litteratur, norrøn filologi, kunsthistorie, klassisk filologi, teatervitskap, digital kultur og norskkurs for utanlandske studentar og tilsette. Det er om lag 80 vitskapeleg tilsette ved instituttet, 50 ph.d.-kandidatar og postdoktorar og 17 personar knytte til administrasjonen. Studiegruppa består av åtte tilsette med studieleiar som koordinator. Administrasjonssjef er personalansvarleg.
Stillinga har varierte oppgåver innan studieadministrasjon, med hovudområda:
Målsetjinga for administrasjonen er å leggje til rette for at det kan drivast utdanning, forsking og formidling av høg kvalitet ved instituttet.
Alle i administrasjonen må rekne med å ta del i andre administrative oppgåver enn dei som i utgangspunktet ligg til stillinga.
Personlege eigenskapar:
I stillinga må du ha:
Personlege eigenskapar og eignaheit for stillinga vil bli tungt vektlagt i vurderinga av kandidatar.
Stillinga krev at du har:
Det er ein føremon om du også har:
Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Svar på spørsmåla som blir stilte og følg så stega i søknadsprosessen. Legg inn følgjande:
Søknadstekst og CV må vere på norsk eller eit anna skandinavisk språk. Vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format og må bli lasta opp i Jobbnorge innan søknadsfristen. Namngje vedlegga tydeleg.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til studieleiar Signe Nilssen ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, telefon 55 58 88 23, e-post [email protected].
Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og følgjer gjeldande retningslinjer.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjorde offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.