El-kontrollør

Arbetsbeskrivning

Er du ein engasjert person som kunne tenke deg å jobbe som el-kontrollør i Helse Møre og Romsdal?

I stillinga vil du ha ansvar for å utføre og følge opp internkontroll og termofotografering ved foretaket sine lokasjonar. Avdeling for bygg og eigedom har ansvar for å drifte alle sjukehusa i fylket med tilhøyrande eksterne bygg. Stillinga er knytta til foretaket sine lokalisasjonar i Ålesund, Hjelset, Volda, Kristiansund. Stillinga vil disponere foretaket sine tenestebilar ved behov.


Arbeidsoppgåver

  • Elkontroll og termofotografering
  • Oppfølging i sjukehuset si drift- og vedlikehaldssystem
  • Delta ved tilsyn
  • Oppfølging etter tilsyn

Kvalifikasjonar

  • Relevant fagskule-/ingeniørutdanning innan elektrofaget
  • Minst 3 års praksis fra bygging og vedlikehald av elektriske anlegg etter endt utdanning
  • Sertifisering iht. NEK 405-3
  • Opplæring i sikkerhetsforskrifter (FSE)
  • Førerkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Du må vere løysingsorientert
  • Du kan arbeide sjølvstendig, men også i samarbeid med andre
  • Du har gode kommunikasjonseigenskapar
  • Å vere personleg eigna vert vektlagd ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her.

Kontaktinformasjon

Britt Eli Gyldenskog, Seksjonsleiar, [email protected]

Arbeidsstad

Opdølvegen 4
6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5152569296
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.09.2026