Nav fylkeskontor Vestland har det overordna ansvaret for gjennomføringa av arbeids- og velferdspolitikken i Vestland, med styringsansvar for ni regionar og ei spesialeining. Fylkeskontoret er lokalisert i Bergen med 48 tilsette, fordelt på fire avdelingar; partnarskap og kommunikasjon, HR og organisasjon, fag og tenester og økonomi og analyse. Vi arbeider etter lean-prinsipp, med vekt på kontinuerleg forbetring, læring, effektiv ressursbruk og utvikling av gode tenester i samarbeid med brukarane våre.
I dei ni regionane ligg det 34 Nav-kontor som alle er bygde på eit likeverdig partnarskap mellom stat og kommune. Målet vårt er å hjelpe folk i arbeid, bidra til inkludering og aktiv deltaking i samfunnet, og sikre sosial og økonomisk tryggleik for den enkelte. Mange av innbyggjarane vi møter har behov for støtte på fleire livsområde, noko som krev tett samarbeid mellom statlege og kommunale tenester.
Vi søkjer no ein seniorrådgivar som skal bidra til å styrkje og vidareutvikle partnarskapa mellom Nav og kommunane i Vestland.
Om stillinga
Som seniorrådgivar vil du få ei sentral rolle i å bygge relasjonar, fremje samhandling og sikre heilskap i samarbeidet mellom fylkeskontoret og Nav-kontora. Du skal bidra til å styrkje samarbeidet mellom stat og kommune, utvikle partnarskapa og leggje til rette for at Nav-kontora kan møte komplekse samfunnsutfordringar på ein heilskapleg måte. Du vil samarbeide tett med fylkesdirektøren, leiargruppa ved fylkeskontoret og leiarar ved Nav-kontora i Vestland.
For å lukkast i rolla må du kunne sjå både kommunale og statlege perspektiv, forstå ulike rammevilkår og bygge tillit på tvers av organisasjonar og nivå. Dette er ei rolle for deg som trivst i skjeringspunktet mellom strategisk utvikling, relasjonsbygging og koordinering. Du ser samanhengar, skaper framdrift og bidreg til at felles mål blir omsette til handling. Arbeidsstad er fylkeskontoret i Bergen. Du må rekne med reiseaktivitet i samband med møte og oppfølging av partnarskapa i heile Vestland.
Stillinga omfattar både strategisk arbeid og praktisk koordinering. Møteførebuing, dokumentasjon, oppfølging av avtalar og samordning av aktivitetar er sentrale verkemiddel for å skape framdrift og utvikling i partnarskapet.
Du må ha
Det er ein fordel om du har
Les meir om Nav som arbeidsgivar
Slik søker du
Vi ønsker å gjøre søknadsprosessen enklere og mer relevant. Du trenger derfor ikke legge ved søknadsbrev. I stedet ber vi deg om å sende inn en detaljert og oppdatert CV, og besvare noen korte spørsmål om din erfaring og kompetanse.
Vi tar kun imot elektroniske søknader via Webcruiter. Vitnemål og attester lastes opp sammen med søknaden.