Om stillinga
Vi har ledig ei 100 % stilling som barnehagelærar.
Som barnehagelærar vil du vere ein del av det pedagogiske arbeidet i barnehagen, i samarbeid med pedagogiske leiarar og øvrig personale. Du vil bidra til planlegging, gjennomføring og vurdering av pedagogisk arbeid i tråd med rammeplanen, og vere ein trygg vaksenperson for barna.
Vi håpar å høyre frå deg!
Krav til kompetanse
- Godkjend utdanning som barnehagelærar.
- Søkarar med anna relevant pedagogisk utdanning kan ved behov bli vurdert.
- Ønskeleg med erfaring frå barnehage.
Personlege eigenskapar
- Du er open, ærleg og tillitvekkjande.
- Du samarbeider godt og bidreg til eit inkluderande og godt arbeidsmiljø.
- Du er strukturert, engasjert og tek ansvar for eigne oppgåver.
- Du er oppteken av fagleg utvikling og deltek aktivt i utviklingsarbeid.
- Du byggjer gode relasjonar og skaper tillit og god dialog med barn, føresette og kollegaer.
- Du bidreg til ei trygg og god barnehageteneste til beste for barna.
Vi oppmodar menn til å søka.
Personlege eigenskapar vert vektlagt. Godkjent politiattest og eigenerklæring om utanlandsopphald (tuberkulose) må leggast fram ved tilsetting.
Vaksdal kommune tilbyr
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Individuell oppfølging
- Gode moglegheitar for støtte til utdanning
- Løn i tråd med tariffavtale og kompetansetillegg