Vikariat som barnehagelærar

Arbetsbeskrivning

Ledig vikariat som barnehagelærar 100 % i Bulken barnehage. Stillingen er ledig frå 10.september 2026 til 31.07.2027, med moglegheit til forlenging.

Om arbeidsstaden

Bulken barnehage ligg 8 km frå Voss sentum og er ein barnehage med 30 barn; med 2 avdelingar (1-3 år og 3-6 år). Barnehagen har leirplass med lavvo som den eldste avdelinga i barnehagen brukar. Stillinga er knytt til 1-3 års avdelinga. Har du godt humør, gode samarbeidsevner og trives i ein hektisk kvardag treng me deg.

Me ser etter deg som

  • er ein trygg, varm og engasjert vaksen
  • er opptatt av leik, relasjonar, utvikling og læring
  • kan ta ansvar og arbeide sjølvstendig, samtidig som du er ein god lagspelar
  • bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø

Arbeidsoppgaver

  • Som barnehagelærar vil du mellom anna ha ansvar for å:
  • planleggje, gjennomføre, dokumentere og evaluere det pedagogiske arbeidet
  • bidra til eit godt og inkluderande leike- og læringsmiljø
  • observere og følgje opp barna si utvikling og trivsel
  • samarbeide tett med kollegaer og føresette
  • bidra til eit godt samarbeid på tvers av avdelingane
  • delta i og bidra til fagleg utviklingsarbeid

Kvalifikasjonar

  • Bachelor i barnehagelærarutdanning
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Gyldig politiattest må leggjast fram før tiltreding

 

Søknad

Voss herad ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald og inkludering. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Søk via søknadsportalen og legg ved relevante attestar, vitnemål og referansar. I samsvar med offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjar verte offentleggjorde sjølv om søkjar har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste.


Link til søknadsskjema: Søk her