Har du lyst til å vere med å utvikle og styre den daglege drifta i lag med eit godt team?
Vi søker trafikkleiar i 100% stilling ved avdelinga i Førde. Tiltreding etter avtale.
Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn og kulturell bakgrunn.
Send inn CV og ein kort introduksjon av deg sjølv.
Om stillinga:
Arbeidsoppgåver vil bl.a. vere:
- Oppfølging og planlegging av transportoppdrag
- Oppfølging av kundar og sjåførar
- Fakturering
- Jobbe i team med ansvar for dine eigne områder
Kvalifikasjonar:
- Grunnleggande datakunnskapar
- Må beherske norsk, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar:
- Du arbeider sjølvstendig og tek ansvar
- Du er beslutningsdyktig og løysingsorientert
- Du samarbeider godt med andre
- Du har stort engasjement og stå- på- vilje
Vi tilbyr:
- Ein spennande jobb innan transport og logistikk
- Eit godt arbeidsmiljø
- Ordna arbeids- og lønnsforhold
- Tariffbedrift med gode pensjons- og forsikringsordningar
- Bedriftshelseteneste
- Gode utviklingsmulegheiter