Eininga Brann og redning har 12 heiltidstilsette, der 4 er brannførebyggarar. Eininga har 6 brannstasjonar med til saman 80 deltidstilsette brannkonstablar og hovudbrannstasjonen i Førde har dagkasernering. Vi har eit breitt spekter av oppgåver som skapar ein svært spennande og variert arbeidskvardag.
Arbeidsområde vert dagleg utføring av teneste knytt til brannførebygging og vurdering av risikoreduserande tiltak, feiing og tilsyn med skorsteinar og eldstader. I tillegg kjem andre oppgåver etter brann- og feiarvesenet sine lovpålagde oppgåver og behov.
Andre oppgåver kan kome til.
Vi vil primært ha søkarar som har fagbrev som feiar. Har du anna relevant fagbrev som murar og tømrar, relevant kompetanse, eller er ufaglært, kan du óg søke. Du pliktar då å ta fagbrev som feiar med tilhøyrande teori-/praktisk eksamen. Vi legg óg vekt på at søkar har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Du må ha førarkort klasse B.
Politiattest av nyare dato vert krevd før start i stilling.
Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!