Småbarnas superhelt – Vikariat i Vassenden barnehage

Arbetsbeskrivning

Vassenden barnehage søkjer ein aktiv og engasjert medarbeidar til 100 % stilling på småbarnsavdeling, vikariat med moglegheit for fast jobb. Hos oss er leiken hjartet i kvardagen. Vi ønskjer ein vaksen som deltek og utforskar med barna – ute og inne, med humor og glede.

Hva vi ser etter

Vi ser etter deg som:

trivast med ein aktiv og variert kvardag, du ynskjer å vere ein viktig vaksen for dei yngste barna.

Du:

  • møter barna med varme og forståing, samtidig som du er tydeleg og set trygge grenser

  • held roa når barn treng trøyst, protesterer eller treng ekstra støtte

  • tek initiativ og deltek aktivt i leik og aktivitet

  • trivst ute i all slags vêr

  • bruker humor i arbeidet og bidreg til glede og godt humør

  • samarbeider godt, tek imot rettleiing og deler viktig informasjon

  • er påliteleg, møter presis og tek ansvar for oppgåvene dine

  • trivst med ein fysisk arbeidsdag og kan vere tett på barna på golvet, i garderoben og ute på tur

Relevant utdanning eller erfaring frå arbeid med barn er ein fordel. Det viktigaste er at du er motivert, lærevillig og personleg eigna til å arbeide med små barn.

Vi ønskjer mangfald i personalgruppa og oppmodar både menn og kvinner til å søkje.

Arbeidsoppgaver

På Trollungane arbeider du med barn i alderen 1-2 år. Arbeidsdagen krev at du er tett på barna: Du må kunne sitje på golvet og delta i leiken, hjelpe med måltid, bleieskift, søvn og påkleding - og vere med ut i all slags vêr.

Dette skal du gjere:

  • ta imot barn og foreldre på ein trygg og god måte

  • delta aktivt i leik, aktivitetar og turar i nærmiljøet

  • hjelpe barna med måltid, bleieskift, søvn og påkleding

  • sjå behova til barn som enno har lite språk

  • støtte barna i samspel, vennskap og leik

  • førebu enkle aktivitetar tilpassa dei yngste

  • samarbeide med foreldre og kollegaer og bidra til orden på avdelinga

Vi ønskjer ein medarbeidar som tek aktivt del i aktivitetane saman med barna.

Vi tilbyr

Dette tilbyr vi

  • eit 100 % vikariat med moglegheit for fast stilling

  • løn etter utdanning og ansiennitet i samsvar med gjeldande PBL-tariffavtale

  • pensjons- og forsikringsordningar gjennom PBL

  • ein variert arbeidsdag med leik, uteliv og aktivitet

  • kollegaer som samarbeider og hjelper kvarandre

  • høve til å påverke aktivitetane og leikemiljøet på avdelinga

Arbeidstida varierer etter arbeidsplan innanfor tidsrommet kl. 06.30-16.45 . Barnehagen har ope frå kl. 06.45 til 16.45.

Tilsetjing føreset at du legg fram godkjend politiattest før du tek til i stillinga.

I Vassenden barnehage arbeider vi for at både barn og vaksne skal vere GLADE OG TRYGGE SAMAN.