Bufdir, avdeling tilskot, har ledig ei 100 % fast stilling som spesialrådgjevar.
Bufdir forvaltar tilskot til frivillige organisasjonar, stiftingar, kommunar og andre aktørar. Tilskotsordningane er mellom anna retta mot barn og unge, familiar og par, likestilling, deltaking, ikkje-diskriminering, inkludering og vald i nære relasjonar.
Kva får du jobbe med hjå oss?
Arbeidsområdet er knytt til Bufdir si tilskotsforvalting. Stillinga er nyoppretta, og vil ha oppgåver og ansvar både operativt og strategisk på tilskuddsområdet. Nokre oppgåver vil være overordna, men kan òg vere knytt til tilskotsordningar på fleire av Bufdir sine fagområder. Stillinga krev nær dialog og samarbeid med avdelingsdirektør.
Kollegaene dine har variert utdanning og erfaring. Når du jobbar hjå oss, vil du i periodar oppleve stort arbeidspress og høge krav til effektivitet, noko vi trur du vil trivast med fordi du har godt humør og tek ting raskt. Du får gode kollegaer i ei stor og spennande avdeling med eit godt arbeidsmiljø.
Du må ha:
Vi legg vidare vekt på:
Vi ser etter ein trygg og sjølvstendig spesialrådgivar med svært god vurderingsevne. Du evnar å setje deg raskt inn i komplekse problemstillingar, sjå samanhengar og skilje det vesentlege frå det mindre vesentlege. Du er samstundes effektiv i å få unna det som trengs av meir rutinemessige oppgåver.
Du tek ansvar for å drive saker og prosessar framover og trivst med å arbeide både sjølvstendig og saman med andre. Du er strukturert og kvalitetsmedviten, samstundes som du har ei pragmatisk tilnærming og er oppteken av å finne løysingar som fungerer i praksis.
Rolla krev gode samarbeidsevner og evne til å skape tillit og få gjennomslag på tvers av fagområde. Vi ser også etter deg som er trygg nok til å utfordre etablerte vurderingar og gi tydelege, konstruktive faglege råd til både leiarar og kollegaer.
Du har òg god organisasjonsforståing og evnar å sjå faglege problemstillingar i ein større samanheng.
Har du lese heilt hit, vonar vi at jobben er interessant for deg. Sidan vi er eit direktorat, kan vi ikkje tilby deg firmabil og bonusar. Men til gjengjeld får du vere med på å løfte oss slik at vi kan gje utsette grupper, barn, unge og familiar eit endå betre tilbod, og det meiner vi har stor verdi i seg sjølv. Men du får sjølvsagt òg løn! Nøyaktig kor mykje du får i året, kjem an på kvalifikasjonane dine, men ho vil liggje mellom 800 000 - 950 000 kroner. For spesielt kvalifiserte søkare kan høgare løn vurderast. Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1220 spesialrådgjevar.
I tillegg får du alle goda ved å vere tilsett i staten, det vil mellom anna seie fleksitid og sumartid, og dessutan høve til å trene i arbeidstida. Du får òg medlemskap i Statens pensjonskasse, med gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar (http://spk.no). Frå lønna blir 2 % pensjonsinnskot trekte.
For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og leggje ved vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik.
Vitnemål skal lastast opp frå Vitnemålsportalen.
Har du utdanning frå utlandet må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.