Ledige vikarstillingar ved Sauda vgs: barne- og ungdomsfaglærar og helsefaglærar

Arbetsbeskrivning

Arbeidsoppgåver:

Sauda vidaregåande skule søkjer programfaglærarar innan barne-og ungdomsarbeidarfag og helse- og oppvekstfag. Det er til saman ledig inntil 250 % stilling. Stillingane er ledige frå 01.01.2027 og varer fram 31.12.2027, med moglegheit for forlenging.


Me ser etter deg som har følgjande kvalifikasjonar:

  • relevant fagbrev og 4 års yrkespraksis
  • bachelor i yrkefaglærarutdanning

    eller

  • høgare utdanning på bachelornivå innan innan barnehage, barnevern, sjukepleie og vernepleie eller tilsvarande.
  • 4 års yrkespraksis

     

    I tillegge er det krav om:

  • Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)
  • Godkjent politiattest
  • Førarkort klasse B
  • God skriftlig og munnleg fremstillingsevne på norsk, tilsvarande nivå B2

 

Ønska kvalifikasjonar:   

  • spesialpedagogikk 

     

Om du finn skulen og stillinga interessant, men manglar delar av kompetansen, oppfordrar me deg likevel til å søka.


Personlege styrkar: 

Me søker ein person som kan skape eit godt læringsmiljø og legge til rette for gode læreprosessar for elevane. Klasseleiing, kommunikasjon, samarbeid og engasjement står sentralt. Det same gjer evne til nytenking og bruk av digitale verktøy. Utdanning, erfaring og personleg dugleik vil bli vurdert i ein heilskap.


Hos oss kan du sjå fram til mykje bra, og vi tilbyr:

  • utfordrande og spennande oppgåver i eit utviklande fellesskap 
  • høgt utdanna og trivelege kollegaer i eit tverrfagleg arbeidsmiljø 
  • ein raus organisasjonskultur der vi vil kvarandre vel, ser kvarandre og bidreg til fellesskapet 
  • gode faglege utviklingsmoglegheiter 
  • offentleg tenestepensjon og forsikringsordningar 
  • lønn etter gjeldande lov- og avtaleverk

Søknaden din bør innehalde:

  • Søknadsbrev 
  • CV 
  • Legg ved vitnemål (hentet fra vitnemålsportalen.no) og attester. 
  • Ved utenlands utdannelse legg ved godkjenning fra direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (Hkdir)

Korleis søkje på stillingar hos oss

Du kan søkje på stillinga gjennom jobbsøkarportalen til Grade Jobbnorge. For å søkje må du ha din eigen jobbsøkarkonto.

CV-en blir fylt inn i det elektroniske CV-skjemaet som er tilgjengeleg i søknaden. Det er mogleg å laste opp vedlegg ved behov.

Sjå gjerne hjelpesenteret for jobbsøkjarar her: Grade Kunnskapsbase – Hjelp for jobbsøkjarar

Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde i samsvar med offentleglova § 25, andre ledd, sjølv om du har bede om å ikkje bli ført opp på den offentlege søkjarlista. Dersom du har bede om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du bli varsla før lista blir offentleggjort.

Me set stor pris på jobben du legg ned i søknaden din, og blir veldig glade om du som aktuell søkjar sender inn ein søknad til oss!