Vi søker no ein matros som ønsker å bli ein del av mannskapet på hurtigbåtane som trafikkerer Nordhordalandsruta frå Knarvik, til Strandkaien i Bergen Sentrum.
Skiftordninga er 2 uker på og 2 uker av, man - fre. Ein fleksibel turnus som gir deg god balanse mellom familieliv og fritid. Du kan reise heim etter endt vakt, men vi tilbyr også hybel i arbeidsperioden for dei som ønsker dette.
Som matros blir du ein viktig del av den daglege drifta om bord. Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna passasjerhandtering, billettering, sikkerheitsarbeid og vedlikehald.
Hos Fjord1 får du ein trygg og stabil arbeidsplass med ansvar, fagleg utvikling og eit godt arbeidsmiljø saman med dyktige og engasjerte kollegaer.
Ønskeleg med oppstart snarast. Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande.
Utføre billettering, bruvakt og anna førefallande arbeid om bord
Løyse arbeidsoppgåver pålagt av næraste overordna
Handtere oppgåver knytt til alarminstruks og beredskap
Delta i verne- og miljøarbeid for å sikre tryggleik og god drift
Sikre god kundehandsaming og service for passasjerane
Fortøying
Fjord1 dekker manglande krise-/og passasjerhandtering for aktuelle kandidatar.
Vi ser etter ein påliteleg og løysingsorientert matros som trivst med tett samarbeid og har fokus på tryggleik og god service. Du bør ha vilje til å lære, stå på når det trengst og bidra til eit positivt arbeidsmiljø.