Dagleg leiar Øystre Slidre Frivilligsentral

Arbetsbeskrivning

Øystre Slidre kommune søkjer ein engasjert og utviklingsorientert dagleg leiar i 70 % fast stilling frå 1. januar 2027 til Frivilligsentralen. Stillinga vert lyst ut fordi vår daglege leiar går av med pensjon etter mange år i tenesta.

Vil du vere ein pådrivar for fellesskap og frivillig engasjement? Då kan dette vere stillinga for deg. Vi ser etter ein person som ønskjer å skape møteplassar, inspirere andre til å bidra og utvikle aktivitetar for menneske i alle aldrar. Hos oss får du ein variert arbeidskvardag med stort handlingsrom og gode moglegheiter til å setje ditt preg på arbeidet.

Frivilligsentralen er ein open møteplass for alle innbyggjarar og ein viktig samarbeidspartnar for lag, foreiningar, frivillige og kommunen. Gjennom samarbeid, samskaping og frivillig innsats bidreg sentralen til fellesskap, aktivitet og inkludering i lokalsamfunnet. Frivilligsentralen skal stimulere til frivillig engasjement og vere eit bindeledd mellom kommunen og frivillig sektor.

Øystre Slidre Frivilligsentral er eigd av Øystre Slidre kommune og organisert under kulturavdelinga, der tenesteleiar for kultur er næraste leiar. Verksemda skal drivast i samsvar med forskrift om tilskot til frivilligsentralar og sentralen sine eigne vedtekter.

Som dagleg leiar får du ei sentral rolle i å leggje til rette for eit levande og inkluderande lokalsamfunn. Du vil vidareutvikle sentralen sitt arbeid i tett samarbeid med frivillige, organisasjonar, kommunen og andre samarbeidspartnarar.

Dagleg leiar arbeider saman med ein medarbeidar i 30 % stilling og med Samhandingsrådet for Frivilligsentralen. Frivilligsentralen disponerer eigne lokale og har tilgang til kommunen sine kulturbygg og arenaer for aktivitetar og tilbod. Sentralen driv også eigen utstyrssentral med utlån av aktivitetsutstyr, og ei bruktbu med sal av brukte klede og utstyr.


Arbeidsoppgåver

  • Leie og vidareutvikle Øystre Slidre Frivilligsentral
  • Rekruttere, motivere og følgje opp tilsette og frivillige
  • Samarbeide med lag, foreiningar, næringsliv, kommunen og andre aktørar
  • Leggje til rette for nye frivillige initiativ og prosjekt
  • Informasjons- og kommunikasjonsarbeid
  • Skape møteplassar og aktivitetar som fremjar deltaking, inkludering og fellesskap
  • Budsjettoppfølging, rapportering og søknadsarbeid
  • Saksførebuing og oppfølging av rådgjevande organ/styre
  • Drift og utvikling av Utstyrssentralen og bruktbua
  • Hovudansvar for drift og oppdatering av Foreningsportalen

Kvalifikasjonar

Det er ynskjeleg med: 

  • Relevant utdanning eller erfaring innafor prosjekt- og prosessleiing, administrasjon, frivilligheit og/eller organisasjonsarbeid.
  • God digital kompetanse
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som:

  • Er glad i å arbeide med menneske og nettverk
  • Er initiativrik, sjølvstendig og strukturert
  • Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Klarer å omsetje idear til praktisk handling
  • Har interesse for frivillig arbeid og lokalsamfunnsutvikling
  • Er fleksibel og løysingsorientert

Vi tilbyr

  • Ei meiningsfull stilling med stor grad av sjølvstende
  • Moglegheit til å påverke utviklinga av frivilligheita i kommunen
  • Eit breitt nettverk av frivillige, lag og organisasjonar
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Noko kvelds- og ettermiddagsarbeid må påreknast.

Kontaktinformasjon

Øystein Skattebu, Tenesteleiar kultur, +47 41222840, [email protected]

Arbeidsstad

Bygdinvegen 1989
2940 HEGGENES

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune

Referansenr.: 5179088761
Stillingsprosent: 70%
Fast
Søknadsfrist: 04.10.2026