Vil du vere med og skape gode dagar for andre – og få ein meiningsfull jobb? 

Arbetsbeskrivning

Vil du gjere ein forskjell kvar dag?

Bli ein del av laget på Kulatoppen omsorgssenter! 
Her finn du fagleg utvikling, godt samarbeid, variert arbeid og kollegaer som bryr seg om både brukarane og kvarandre. No har vi ledige faste stillingar, vikariat og helgestillingar. Kanskje er dette din neste arbeidsplass?

På Kulatoppen omsorgssenter møter du eit moderne og framtidsretta fagmiljø i heilt nye og renoverte lokale. Vi har 51 institusjonsplassar og 40 heildøgnsbemanna omsorgsbustader fordelt på 11 avdelingar. Med vår nye fløy og omfattande oppgradering framstår Kulatoppen som eit lyst, funksjonelt og profesjonelt omsorgssenter – til beste for både bebuarar og tilsette. Vi tilbyr eit breitt og variert pasienttilbod, med eiga korttids- og rehabiliteringsavdeling. Her finn du blant anna eige rehabiliteringskjøkken og takheiser på dei fleste pasientrom. Vi ligg i front på bruk av velferdsteknologi og har løysingar som Imatis samhandlingstavle, digitale arbeidslister og pasientvarsling med to-veis tale. Målet vårt er å sikre høg kvalitet i alle tenester og eit trygt og føreseieleg miljø for bebuarane.

Kulatoppen har eit flott uteområde med gangveg rundt heile bygget og ei fantastisk utsikt over Måløy og omegn. Her finn du sansehage, drivhus, grillplass, bocciabane, trim- og leikeapparat, samt bær- og frukttre – alt lagt til rette for aktivitet, kvile og gode opplevingar. Vi tilbyr varierte aktivitetar gjennom heile veka, med fokus på "Kva er viktig for deg?" og personsentrert omsorg. Slik legg vi grunnlaget for meiningsfulle og helsefremjande dagar for kvar enkelt bebuar.


Arbeidsoppgåver

Hos oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du:

Bidreg til at brukarane opplever meistring, tryggleik og livsglede
Brukar fagkompetansen din til å finne gode løysingar i møte med ulike behov
Samarbeider tett med dyktige kollegaer i eit tverrfagleg miljø
Får vere med på utvikling av tenestene våre
Tek del i eit arbeidsfellesskap prega av fagleg engasjement, omsorg og arbeidsglede
Får moglegheit til å utvikle deg fagleg gjennom opplæring, rettleiing og refleksjon

Kvalifikasjonar

Vi søkjer:

Sjukepleiarar
Vernepleiarar
Helsefagarbeidarar
Pleiemedarbeidarar

Er du elev, student eller vurderer ei utdanning innan helse? Då oppfordrar vi deg også til å søkje

Kven er du ?

Vi ser etter deg som:

Har positive haldningar og set brukaren i sentrum
Er omsorgsfull, reflektert og empatisk
Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Er fleksibel, strukturert og løysingsorientert
Kan arbeide både sjølvstendig og i team
Ønskjer å lære og utvikle deg fagleg
Ser verdien av tverrfagleg samarbeid
Bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Ønskjer å vere med og utvikle framtidas helse- og omsorgstenester

Kvifor velje Kulatoppen?

Hos oss får du meir enn ein jobb.

Du blir ein del av eit engasjert lag som kvar dag arbeider for å skape tryggleik, meistring og livsglede for brukarane våre.

  • Vi kan tilby:
    Spennande og varierte arbeidsoppgåver
    God opplæring og tett oppfølging
    Dyktige og inkluderande kollegaer
    Fagleg utvikling og kompetanseheving
    Kompetanseløn
    Etisk refleksjon og fagleg samarbeid
    Gode pensjons- og forsikringsordningar
    Løn etter gjeldande tariffavtale
    Ryddige arbeidsforhold
    Dette får du i tillegg:
    💙 Ufaglærte kan få 100 % stilling dersom dei ønskjer å binde seg til å ta relevant utdanning.
    💙 Sjukepleiarar og vernepleiarar i turnus får eit ekstra årleg tillegg på kr 35 000.
    💙 Vi har avtale om frivillige langvakter på 12,5 timar for dei som ønskjer dette.

Kontaktinformasjon

Tove-Lill Hjertenes, Avdelingsleiar Institusjon, 92680587, [email protected]
Lise-Sofi Brunsvik, Avdelingsleiar HDO, 90156867, [email protected]
Tone Husevåg, Tenesteleiar Kulatoppen, +47 99473470, [email protected]

Arbeidsstad

Ytre Kulen 73
6718 Deknepollen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kinn kommune

Referansenr.: 5168521933
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.10.2026