Vi søkjer deg som er strukturert og løysingsorientert, som trivst med varierte oppgåver og høgt tempo i periodar. Du arbeider sjølvstendig, tek ansvar og har auge for detaljar utan å miste oversikta.
Som eksamenskoordinator vil du vere ein viktig del av arbeidet med å planlegge, koordinere og gjennomføre eksamenar, både digitale og papirbaserte. Du vil delta i heile eksamensprosessen, frå førebuing og gjennomføring til oppfølging i etterkant. Stillinga inneber tett kontakt med studentar, vitskapleg tilsette og kollegaer i administrasjonen, og gir deg ei brei kontaktflate på tvers av organisasjonen.
Seksjon for eksamen er ein del av Studieadministrativ avdeling. Vi er ein engasjert og humørfylt gjeng med 12 tilsette som arbeider saman for å sikre at studentane våre får ei god studieoppleving ved NHH. Vi arbeider for å utvikle og forbetre prosessar og tenester knytte til eksamensavvikling. Felles for oss er ønsket om å legge til rette for gode rammer for studentane våre.
Andre oppgåver kan bli lagt til ved behov.
Det er en fordel med, men ikkje må-krav:
For å trivast i stillinga ser vi føre oss at du
Vi har eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø som fremmar trivsel og samarbeid. Vi har fleksibel arbeidstidsordning, gode forsikrings-, pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse, inkluderande arbeidsliv og velferdsgode som subsidiert trening og tilgang til bedriftshytte.
Stillinga blir lønna som førstekonsulent i stillingskode 1408 i lønnsspenn kr 520 000 - 570 000. For særleg kvalifiserte kandidatar kan høgare lønn vurderast. Det blir trekt to prosent frå lønna til Statens pensjonskasse.
Det er ikkje nødvendig å sende inn søknadsbrev til denne stillinga. Vi ber i staden om at du legg ved ein oppdatert CV og svarer på screeningsspørsmåla du får innleiingsvis når du søkjer.
Det er viktig at du tydeleg beskriv i CV-en din:
CV-ar med generelle eller lite konkrete beskrivingar kan gjere det vanskeleg å vurdere deg som søkjar.
NHH legg vekt på mangfald. Vi oppmodar derfor alle som er kvalifiserte om å søkje stillinga utan omsyn til kjønn, alder, funksjonshemming, kulturell bakgrunn og/eller hol i CV-en.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om å bli unnateken frå søkjarlista. Søkjarar vil bli informerte om dette på førehand.
NHH kan gjennomføre bakgrunnssjekk av finalekandidatar i samarbeid med ekstern leverandør etter samtykke. Samtykke vert innhenta i søknadsprosessen.
Søknadsfrist: 11.10.2026.
CV, vitnemål og attestar sendast elektronisk via Jobbnorge.