Vikariat, godt samhold og ein variert kvardag - her får du alt!
Likar du at dagane flyg forbi fordi du alltid har noko viktig å gjere? At det somme dagar er fullt trøkk, medan andre dagar gir deg tid til å ta ein pust i bakken med gode kollegaer? Då er vår avdeling den rette for deg!
Avdelinga vår har 9 sengeplassar, samt 2 kommunale ØHD-senger for Ullensvang kommune. Vi jobbar i eit tverrfagleg miljø og opplever at vi har eit godt og nært samarbeid med både legar og fysioterapeutar.
Vi kan hjelpe deg med bustad, og du kan få nedskriving av studielån på 25 000 kroner etter at du har vore busett i eitt år. Her får du gode høve til fagleg utvikling i eit nært og inkluderande arbeidsmiljø – med naturen rett utanfor døra.
👉 Send inn søknaden din i dag – vi gler oss til å få deg med på laget!
Hos oss er det viktig at du:
Vi legg vekt på personleg eignaheit.
Jo, fordi vi har:
🔹 Variert arbeidskvardag – ingen dagar er like, og du får brei erfaring.
🔹 Trygt arbeidsmiljø – vi støttar kvarandre og jobbar godt i lag.
🔹 God opplæring – ein trygg start, anten du er nyutdanna eller erfaren.
🔹 Fagleg utvikling – læring og kompetanseheving er ein del av jobben.
🔹 Tilrettelagt turnus – vi undersøker muligheten for langvakter, vi har i tillegg ønsketurnus
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.