Tilrettelagte tenester gjev tenester til personar med ulike funksjonsnedsettingar, og Hellemyra er eitt av våre ni bufellesskap.Hellemyra bufellesskap ligg i Eikelandsosen på "Fusasida" i kommunen.
Bufellesskapet har 5 tenestemottakarar med ulike bistandsbehov og i tillegg yter avdelinga tenester til nokre tenestemottakarar i nærområdet.
Nokre jobbar handlar om rutinar. Andre handlar om mennesket.
Hos oss får du moglegheit til å vera ein som skapar gode augneblikk, opplever meistring, tryggheit og glede i kvardagen. Ingen dagar er heilt like, og nettopp det gjer jobben spennande og meiningsfull.
Vi ser etter deg som ønskjer å bruka fagkunnskapen din til meir enn pleie og omsorg. Du som ser ressursane i kvar enkelt menneske, som byggjer relasjonar og som ønskjer å bidra til at våre bebuarar får leva aktive, sjølvstendig og innhaldsrike liv.
Hos oss vil du::
Vi har helgestillingar på omlag 15 - 23%. Det er mogleg å jobbe kvar 2.,3., eller kvar 4.helg. Ved arbeid kvar 4.helg er det langvakter.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som:
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Personlege eigenskapar:
Vi ser etter deg som trivst i arbeid tett på menneske, og som bidreg til å skapa tryggleik, meistring og gode dagar for bebuarane.
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Vi tilbyr
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.