Fjordtunet er eit samlokalisert bufellesskap innan habilitering og psykiatri, med 13 faste tilsette som arbeider tverrfagleg for å sikre trygge, faglege og heilskaplege tenester.
Bufellesskapet består av to bueiningar knytte til fellesareal og fem sjølvstendige bueiningar, med i dag seks bebuarar med samansette behov og varierande bistandsbehov i kvardagen. Tenestene er individuelt tilpassa og byggjer på målretta miljøarbeid, relasjonsarbeid og tett oppfølging. Fjordtunet legg vekt på brukarmedverknad, føreseielegheit og kvalitet i tenesteytinga, og arbeider i nært samarbeid med pårørande, fastlege og andre samarbeidspartnarar innan helse- og omsorgstenesta.
Vi søkjer to faste tilsette til to helgestillingar på 16,32 % kvar.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar som ikkje blir tilsette, kan dei få tilbod om avtale som tilkallingsvikar
Fagbrev innan helse- og sosialfag eller annan relevant kompetanse.
Erfaring med arbeid med menneske med psykiske lidingar kan kompensere for utdanning etter ei konkret vurdering.
Digital kompetanse.
Norskferdigheiter, både skriftleg og munnleg.
Gyldig politiattest.
Førarkort klasse B.
Det er ein fordel med erfaring innan habilitering, psykiatri- og rusarbeid eller liknande arbeid.
Brukarfokus.
Gode evner til kommunikasjon og til å skape ein god arena for samarbeid.
Evne til å arbeide sjølvstendig og målretta.
Like utfordringar og vere i stand til å handtere uventa situasjonar.
Løn etter gjeldande tariff.
Meiningsfullt arbeid med faglege utfordringar.
Gode personforsikringar og tenestepensjon i KLP.