Fjord1 har no ledig stilling som dekkssjef i sambandet Husavik–Sandvikvåg, pt. om bord på vår flotte el-ferje MF Husavik.
På dette sambandet arbeider ein i døgnskift. Du har eitt døgn på jobb etterfølgt av eitt døgn fri i ein periode på 12 dager. Ved helgevakt har du samanhengande opphald om bord frå fredag til måndag. Etter arbeidsperioden følgjer 9 samanhengande fridagar.
I samband med skiftordninga bør ein bu innan rimeleg reiseveg til Husavik eller Sandvikvåg, då rederiet ikkje har bufasilitetar dei døgna ein har fri.
Som dekkssjef får du ei viktig rolle om bord, med ansvar for tryggleik og stabil drift av sambandet. Du vil vere ein viktig bidragsytar til at både passasjerar og mannskap får ei god oppleving. Stillinga gir verdifull erfaring og gir grunnlag for vidare utvikling mot høgare sertifikat, med opparbeiding av fartstid i fartsområde 3.
Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!
Oppstart er snarast, men dette avtalast nærare. Aktuelle kandidatar vert kontakta fortløpande.
Rederiet dekkjer krise- og passasjerhandterings kurs for aktuelle kandidatar.
Vi ser etter ein erfaren og dyktig dekkssjef med sterk forståelse for sikker navigasjon, operativ leiing og samarbeid i maritime team. Du må kunne håndtere krevande situasjoner med ro og besluttsomheit, ha god kjennskap til relevante forskrifter og bidra til å sikre trygg og effektiv drift av fartøyet. Erfaring frå ferjedrift eller tilsvarande vil vera ein fordel.