Stillinga
Grunnskulelærar i 100 % fast stilling per tiden ved Måndalen skule.
Arbeidsplassen
Måndalen skule er ein ny skule med moderne fasilitetar for både læring, leik og utvikling. Vi er ein oversiktleg 1.–10.-skule med rundt 100 elevar og 20 tilsette. Hos oss kjenner vi elevane godt, samarbeider på tvers av trinn og har korte vegar frå idé til handling. Skulen ligg tett på naturen, som vi gjerne nyttar som læringsarena. Du kan lese meir om skulen vår her: Måndalen skule – Rauma kommune. Måndalen skule - Rauma kommune
Arbeidsoppgåver:
Krav til kvalifikasjonar:
Vi ønskjer gjerne kompetanse innan desse områda:
Til deg som søkjer:
Bur du i Rauma kommune og er i jobb, kan du få sletta 25 000 av studielånet ditt kvart år. Les meir om ordninga her: Ny ordning for sletting av studielån – no startar oppteninga - regjeringen.no
Søknad
Rauma kommune tek kun imot elektroniske søknadar. Søkjerettleiing: Søkerveiledning - Rauma kommune eller [email protected].
Det er viktig at du tek deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller, og registrerer/oppdaterer CV`en med utdanning og kompetanse i søknadsskjemaet. Last opp aktuelle attestar og vitnemål i PDF format.
Merk at opplysningar kan gjerast offentlege sjølv om du har bede om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste. Du vil då bli varsla, om ønsket om reservasjon ikkje vert teke til følgje, jf.Offentleglova.
Tilsetting
Tilsetting skjer i høve til gjeldande lovar, reglement og avtaleverk, òg når det gjeld medlemskap i pensjonsordning. Avlønning etter sentral Hovudtariffavtale ut frå kvalifikasjonar og ansiennitet.
Politiattest
Den tilsette må leggje fram gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, før tilsettjing. Jfr. Opplæringslova § 10-9 og forskrift § 15.