Vil du vere med å skape trygge netter for pasientane våre?
Ved Kviteseid omsorgssenter er det ledig 52,11 % fast stilling som helsefagarbeidar på natt frå 01.01.2027.
Me søkjer deg som trivst med sjølvstendig arbeid, er fagleg engasjert og har eit hjarte for eldreomsorg.
Som nattevakt er du med på å skape tryggleik, omsorg og verdigheit for pasientane våre gjennom natta.
Du vil vere ein viktig del av teamet og bidra til at pasientane får gode og fagleg forsvarlege tenester.
· Autorisasjon som helsefagarbeidar eller annan relevant helseutdanning
· Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
· God digital kompetanse
· Interesse for fagutvikling og kvalitetsarbeid
Det er ein fordel om du har erfaring eller interesse innan:
· Demensomsorg og personsentrert omsorg
· Palliasjon og lindrande behandling
· KOLS
· Diabetes
· Rehabilitering
· Korttidsopphald
· Miljøarbeid
Me ser etter deg som:
· Er omsorgsfull og trygg i møte med pasientar og pårørande
· Har gode observasjons- og samarbeidsevner
· Er strukturert og ansvarsbevisst
· Kan arbeide sjølvstendig og ta initiativ
· Er fleksibel og løysingsorientert
· Bidreg til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
· Har evne til å halde hovudet kaldt og hjartet varmt når det trengst