Vil du bli ein del av eit fagleg sterkt og engasjert arbeidsmiljø?
Vi søkjer ein dyktig og omsorgsfull medarbeidar til eit 1-årig vikariat i vår rus- og psykiatriteneste. Vikariatet er knytt til permisjon og gir ei unik moglegheit til å arbeide i eit spennande fagfelt med stor variasjon i arbeidsoppgåver og tett oppfølging av brukarar i deira eige heimemiljø.
Hos oss møter du engasjerte kollegaer, høg fagleg kompetanse og eit godt arbeidsmiljø med fokus på utvikling, samarbeid og kvalitet i tenestene.
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging av brukarar i eigen bustad
- Medikamenthandtering
- Boveiledning og støtte i daglege gjeremål
- Planlegging og gjennomføring av aktivitetar
- Støttesamtalar og miljøterapeutisk arbeid
- Journalføring og dokumentasjon
- Observasjon og oppfølging av psykisk og somatisk helse
- Samarbeid med pårørande og interne og eksterne samarbeidspartnarar
Kvalifikasjonar
- Erfaring frå arbeid med personar innan rus- og psykisk helsefeltet
- Kjennskap til journalsystemet CosDoc, inkludert utarbeiding av arbeidslister
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Førarkort klasse B
- Utdanningskrav:
- Sykepleier, Bachelor i psykologi, Vernepleier, sosionom
- Relevant fagbrev med videreutdanning innan rus og psykisk helse.
Personlege eigenskapar
- Vi ønskjer ein medarbeidar som:
- Er trygg, tydeleg og relasjonsbyggjande
- Arbeider sjølvstendig og tek ansvar
- Har gode samarbeidsevner
- Er løysingsorientert og fleksibel
- Bidreg positivt til eit godt arbeidsmiljø
- Har evne til å møte menneske med respekt, varme og fagleg tryggleik
Vi tilbyr
- Eit spennande og meiningsfylt arbeid i eit viktig samfunnsoppdrag
- Eit fagleg sterkt miljø med engasjerte kollegaer
- Varierte arbeidsdagar og utfordrande arbeidsoppgåver
- Moglegheit for fagleg utvikling
- Eit godt arbeidsmiljø prega av samarbeid, humor og støtteGratis parkering
- Konkurransedyktig lønn
- Gode forsikrings- og pensjonsordninger (https://www.klp.no/pensjon/offentlig-tjenestepensjon-kort-fortalt)
- Bedriftsidrettslag
- Gratis adgang i bassenget i Klepphallen, ved gitte tider
- Ordning med dekning for behandling fysioterapeut og kiropraktor
- Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande lov- og avtaleverk
Kontaktinformasjon
Ingeborg Røthe Lekve, Avdelingsleder, 45721377,
[email protected]
Arbeidsstad
Olav Hålandsveg 2
4351 KLEPPE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Klepp kommune
Referansenr.: 5184370763
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 04.01.2027
Sluttdato: 03.01.2028
Søknadsfrist: 19.10.2026