Vi søkjer fagarbeidar til vikariat i tilrettelagte tenester

Arbetsbeskrivning

No har vi ledig eit 100 % vikariat som fagarbeidar, med moglegheit for å arbeide 80 % dersom du ønskjer det. Vi håpar du har lyst til å bli ein del av laget vårt.

Hjå oss er det rom for faglege diskusjonar, refleksjon og utvikling. Vi støttar kvarandre i kvardagen, samarbeider tett og er opptekne av å finne gode løysingar for kvar enkelt brukar.

Dette blir nokre av arbeidsoppgåvene dine

  • Følgje opp og rettleie brukarar med ulike bistandsbehov.

  • Planleggje og gjennomføre dagtilbod, arbeid og opplæring saman med tenestemottakar.

  • Arbeide målretta for å skape meistring, trivsel og tryggleik.

  • Tilpasse tenestene etter den enkelte sine behov, ønskje og vedtak.

  • Samarbeide med kollegaer, pårørande og andre fagpersonar.

  • Bidra til fagleg utvikling og gode tenester.

Vi ser etter deg som

  • Er raus, positiv og engasjert.

  • Likar å arbeide med menneske og ønskjer å gjere ein forskjell.

  • Er sjølvstendig, men trivst godt med å samarbeide.

  • Reflekterer over eigen praksis og er open for rettleiing.

  • Tek ansvar og møter utfordringar med eit løysingsorientert blikk.

  • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø og eit positivt fellesskap.

Kvalifikasjonar

  • Fagarbeidarutdanning, helst innan helse- eller pedagogiske fag.

  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

  • Førarkort klasse B.

  • Gyldig politiattest.

Personlege eigenskapar blir lagde stor vekt på.

Kvifor velje oss?

Hos oss blir du del av eit fagmiljø der samarbeid, tillit og fagleg utvikling står i sentrum. Vi ønskjer at både brukarar og tilsette skal oppleve meistring og trivsel.

Vi tilbyr:

  • Eit 100 % vikariat, med moglegheit for 80 % stilling dersom du ønskjer det. Vikariatet varer fram til 01.01.2028.

  • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer.

  • Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag.

  • Rettleiing og tett samarbeid med kollegaer.

  • Moglegheit til å vere med og utvikle tenesta.

  • Turnusarbeid. Stillinga har i dag tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg. Vi arbeider med å innføre ein ny turnus med fleire langvakter, som kan gi todelt turnus.