Ottadalen Avløysarlag jobbar tett med gardbrukarane i Vågå og Lom for å organisere hjelp til avløysing ved sjukdom og ferie og fritid. Vi lønner om lag 100 avløysarar kvar månad på vegne av gardbrukarane. Vi søkjer ein dagleg leiar som ynskjer å vere eit viktig kontaktpunkt for ei stor næring.
Vi søkjer deg som er sosial og har erfaring med rekneskap. Kjennskap til landbruksnæringa tel positivt.
-Rekneskap og løn
-Personal, rekruttering og tilsetjing
-Vakttelefon og turnusplanlegging
-Bistå gardbrukarane når det gjeld velferdsordningane i landbruket
Moglegheit til 80% stilling der 10 % er vakttelefon.