Vil du vere den faglege tryggleiken gjennom natta?
Ved Kviteseid omsorgssenter er det ledig 52,11 % fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar på natt, frå d.d.
Me søkjer deg som trivst med sjølvstendig arbeid, som er trygg i faglege vurderingar og som ønskjer å gjere ein forskjell for pasientane våre gjennom heile døgnet. Som nattevakt vil du ha ei sentral rolle i å sikre kvalitet, pasienttryggleik og god oppfølging for bebuarane våre.
Om arbeidsplassen :
Kviteseid omsorgssenter er ein sjukeheim med 32 plassar fordelt på fire avdelingar, inkludert nyetablert korttidsavdeling.
Pasientgruppa er samansett og omfattar mellom anna personar med demenssjukdom, kroniske sjukdomar, rehabiliteringsbehov og behov for lindrande behandling.
Som sjukepleiar/vernepleiar på natt har du ansvar på tvers av alle avdelingane og samarbeider tett med øvrig nattevakt for å sikre trygg og fagleg forsvarleg drift gjennom natta.
Stillinga inngår i årsturnus med arbeid kvar tredje helg.
· Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
· God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
· God digital kompetanse
· Interesse for fagutvikling og kvalitetsarbeid
Det er ønskjeleg med erfaring frå:
· Sjukeheim eller kommunehelsetenesta
· Demensomsorg
· Korttids- og rehabiliteringsavdeling
· Palliasjon
· KOLS- og diabetesoppfølging
Me ser etter deg som:
· Er fagleg trygg og sjølvstendig
· Har gode observasjons- og vurderingsevner
· Er roleg og handlingsdyktig i utfordrande situasjonar
· Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
· Er strukturert og løysingsorientert
· Bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
· Møter pasientar, pårørande og kollegaer med respekt og omsorg
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.