Vossestrand Omsorgstun ynskjer å fylgja med i tida. Difor vil me tilpassa oss framtida si helseteneste, og sikra rett kompetanse på rett plass til rett tid.
Helse og omsorg arbeider etter tillitsmodellen med pasienten i fokus og med tenesteutøvarar som kan, vil og tør.
Me tilbyr varierte oppgåver med fokus på fagleg utvikling, stort fleksibilitet og høg kvalitet, som skal drive omsorgstenesta opp og fram ved hjelp av kontinuerleg kompetansebygging, og nært tverrfagleg samarbeid.
Me tilbyr
Om arbeidsstaden
Som sjukepleiar i Voss herad vil du få moglegheit til å verta ein del av eit dyktig fagmiljø, med dedikerte og kunnskapsrike tilsette. Me har eit godt arbeidsmiljø og høg trivsel. Me arbeider etter årsturnusprinsippet som sikrar føreseieleg arbeidstid for dei tilsette, og kontinuitet for våre brukarar. Som tilsett kan du påverka arbeidsrotasjonen din.
Vossestrand Omsorgstun litt vakkert plassert ved vatnet på Oppheim, omlag 20 minutt frå Voss Sentrum. Her får du som sjukepleiar arbeide i sjukeheim, men og i heimetesta då me arbeider på tvers.
Kvalifikasjonar
Arbeidsoppgåver
Søknad
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.