Vikariat rådgjevar

Arbetsbeskrivning

Om stillinga og arbeidsstaden

Vi har ledig eit vikariat som rådgjevar i 100 % stilling i Eining for inntak, avdeling Vestland. Stillinga er ledig frå no, og er lokalisert i Bergen. Vikariatet varer til 01.08.2027, med moglegheit for forlenging.

Eining for inntak skal formidle ulike barnevernstiltak til barn og unge i ein sårbar livssituasjon til kommunane i regionen. Tiltaka kan vere både kortvarige og meir langvarige.

Arbeidsoppgåvene omfattar råd og rettleiing, kartlegging, val av tiltak, oppfølging av barn og unge i tiltak, samt å betjene ei døgnkontinuerleg telefonordning for akuttarbeid.

Eininga har to avdelingar, i Vestland og Stavanger. Avdeling Vestland har per i dag 21 tilsette.

Rådgjevarane i eininga får bistand frå Nasjonal eining for inntaksstøtte (EIS) og Nasjonalt inntak for rus- og åtferdsplasseringar (NABE). Stillinga inneber noko reiseverksemd både innanfor eigen region og til andre regionar.


Arbeidsoppgåver

  • Ved førespurnad frå kommunane skal du gi råd, rettleiing og bistand i enkeltsaker, både i akutte saker og i saker med behov for meir langvarige plasseringsløysingar.
  • Du skal ta imot og saksbehandle ulike tilvisingar frå kommunane.
  • Du skal gjere fagleg forsvarlege vurderingar av eigna tiltak som samsvarar med tilvisinga frå kommunen.
  • Du skal dokumentere alle delar av arbeidet.
  • Du skal sikre oppfølging av plasseringar i barnevernstiltak.
  • Du skal delta i samarbeidsmøte med andre einingar, kommunar og instansar.
  • Du kan bli ein del av bakvaktsordninga til det statlege barnevernet for akuttjenester.

Kva bakgrunn har du?

 Må-krav

  • Relevant utdanning frå universitet eller høgskule på bachelornivå, fortrinnsvis innan barnevernsfag eller sosialfag.
  • Minimum to års arbeidserfaring frå barnevernsarbeid.
  • Kompetanse innan lovverk, avtaleverk og forvaltning på fagfeltet.
  • Gyldig førarkort klasse B.
  • Gode skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.

Bør-krav

  • Det er ønskjeleg med vidareutdanning eller mastergrad innan barnevern eller psykisk helse.
  • Gode IKT-kunnskapar.
  • Det er ønskjeleg med barnevernfagleg forvaltningspraksis.

Personlege eigenskaper

  • Du er sjølvstendig og trygg i arbeidsutføringa di.
  • Du har evne til å leie arbeidsprosessar og arbeider med høg grad av sjølvstende.
  • Du har stor arbeidskapasitet og god gjennomføringsevne.
  • Du har godt humør og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.

    For oss er det særleg viktig korleis du som person eignar deg for stillinga. Dette vil bli vektlagt i den samla vurderinga.

     


Kva får du hos oss?

  • Hos oss vil du bli ein del av eit spennande arbeidsmiljø som er oppteke av å vedlikehalde og vidareutvikle kompetanse.
  • Stillinga er plassert i Statens lønsregulativ i stillingskode 1434 som rådgjevar, for tida kr 620 000–710 000 per år eller 1364 seniorrådgjevar , for tida 650 000 - 760 000,-. 
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar (http://spk.no).
  • Frå løna blir det trekt 2 % pensjonsinnskot.

Opplysningar til deg som søker

  • Vi søkjer etter dei beste kandidatane uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV-en eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss.
  • Stillinga er for tida lagd til Eining for inntak.
  • Vi gjennomfører bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar.
  • Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing, jf. barnevernslova § 12-11 andre ledd , og forskrift om politiattest § 7. Attesten skal ikkje leggjast ved søknaden.
  • Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngjevast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje.
  • Prøvetid i samsvar med statsansattelova.
  • Opplever du tekniske utfordringar når du fyller ut søknaden, tilrår vi at du tek kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge.

Kva skal søknaden din innehalde?

  • For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og leggje ved relevante vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik.
  • Vitnemål for utdanning teken i Noreg skal lastast opp frå Vitnemålsportalen.
  • Har du utdanning frå utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
  • Vi ber deg om å legge inn kopi av fysisk førarkort, samt skjermbilde av kontrollbildet på digitalt førarkort, eller skjermbilde av førarkortstatus på vegvesenet.no